tekststorleik A A
 Søk

Motta nyheitsbrev

Send

Valdres Natur-
og Kulturpark

Vang kommune Vestre-Slidre kommune Øystre-Slidre kommune Etnedal kommune Sør-Aurdal kommune Nord-Aurdal kommune

Dagens valdres-uttrykk

Søykja

17

Bygdeutviklingsstyret ber om berekraftig framtid Skriv ut E-post
Skal ikkje landbruket hamne permanent på museum, må departementet ta mykje av innspelet frå Valdres på alvor! Foto: Nils Rogn


fredag 18. juni 2010 08:51, Nils Rogn

Det er berre eit breitt fokus på verdiskaping og berekraftige produksjonar i bygdene som gjev nødvendig legitimitet for ein særeigen landbrukspolitikk for Norge i framtida. Dette er eitt av punkta i ei uttale til komande landbruks- og matmelding frå bygdeutviklingsstyret for Valdres.

Utgangspunktet må framleis vera eit landbruk over heile landet, med ei regional tilpassing – kan hende som ein eigen fjellpolitikk for bygder som våre, skriv BU-styret. Viktig, men også svært utfordrande, er at ein på same tid kan fokusere  på auke i matproduksjonen, auke i økologisk produksjon, auka miljø og klimahensyn, tydeleg fokus på opne kulturlandskap og brei fokus på bygdeutvikling.

Multifunksjon og mangesysleri

Styreleiar i bygdeutviklingsstyret, Jan Arild Berg. Foto: Nils Rogn
Styreleiar i bygdeutviklingsstyret, Jan Arild Berg. Foto: Nils Rogn
Inga lett oppgåve for landbruks- og matdepartementet å tilfredsstille alt dette, men bygdeutviklingsstyret meiner at me har behov for ei melding som fokuserar landbruket sin multifunksjon. Samtidig må mangesysleriet stimulerast. Samarbeid med andre bygdenæringar, med reiselivet og med verksemder i verdikjeda som kan medverke til ”tilleggsverdiar” for landbruksprodukta i marknaden, skal også hjelpe til med å halde hjula i gang for valdreslandbruket.

Lokale verdiar og verdiskaping

BU-styret er opptekne av lokal fokus i ei ny melding, og ber om å få tydlegare fokus på lokale verdiar og lokal verdiskaping ved utforming av verkemidlar.  Det vil vera nødvendig å forsterke distrikts- og strukturprofilen slik at den tekniske utviklinga ikkje blir einerådande i høve til korleis bygdene våre skal sjå ut i framtida.

Kraftforet for billig

Uttala er ført i pennen av BU-konsulent Aslag Hamre. Foto: Nils Rogn
Uttala er ført i pennen av BU-konsulent Aslag Hamre. Foto: Nils Rogn
I Valdres er grasproduksjonen særs viktig, men BU-styret meiner at billig innkjøpt kraftfor reduserer verdien av dette i for stor grad. Dei foreslær difor at kraftforprisen blir auka og at ein styrkjer grasbasert husdyrhald ved å auke beitetilskotet, stølstillegget og husdyrtillegget. Dette vil vera ein sterk stimulans til aktiv drift framfor passivt eigarskap til jord, med fokus på kapitalavkastning frå jorda.

Kompetanse

Avslutningsvis peikar BU-styret på at omstilling krev god kompetanse, både til sjølve omstillingsprosessen og til nye oppgåver. Dei ser det som viktig å setje inn ressursar til forskingsbasert kunnskap for å bli best mogleg trygg på kva vi omstiller til.


Les heile uttalen her.

Les også ministerens tale om framtidsretta landbruks- og matpolitikk til fylkeskommunane, der landbruks- og matmeldinga for 2011 blir omtala.

 

Kva skjer?

<<  Juni 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
282930    

Festivalar

  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar

Sosiale media

Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes. Tlf. 61 35 94 50. E-post: redaksjonen@valdres.no. Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen. Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Consulting.

Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark