tekststorleik A A
 Søk

Motta nyheitsbrev

Send

Valdres Natur-
og Kulturpark

Vang kommune Vestre-Slidre kommune Øystre-Slidre kommune Etnedal kommune Sør-Aurdal kommune Nord-Aurdal kommune

Dagens valdres-uttrykk

Søykja

17

Ryfoss fyrst ute med trimløype Skriv ut E-post
Ordførar Knut Haalien klar med saksa for å klyppe snora. Sentrale personar som har bidratt til løypa, er frå venstre Eddie Stefors og Jorunn Hynes frå Venneforeninga, Ine Wigernæs og Kari Bø Wangensteen. Foto: Nils Rogn


tysdag 22. juni 2010 23:03, Nils Rogn

19. juni i fjor fekk Venneforeninga ved Beitostølen Helsesportsenter overrekt 700 000 kroner frå Gjensidigestiftinga etter ein søknad av folkehelsekoordinator i Valdres, Ine Wigernæs. Pengane skulle nyttast til ei trimløype i kvar kommune pluss ei universelt tilrettelagt løype ved Helsesportsenteret.

Folkehelsekoordinatorane Ine wigernæs og kari Bø Wangensteen. Foto: Nils Rogn
Folkehelsekoordinatorane Ine Wigernæs og Kari Bø Wangensteen. Foto: Nils Rogn
Løypene skal ligge sentrumsnært og ha fem stasjonar med mulegheit for opp til 80 øvingar. Måndag vart den fyrste løypa opna i gangvegen opp frå Ryfoss mot Høre skule. Om lag 25 frammøtte fekk oppleva ein stolt ordførar som klypte snora for offisiell opning. Like stolte var Ine Wigernæs og lokal folkehelsekoordinator Kari Bø Wangensteen.

Imponert!

- Dette var kjempegøy, seier Jorunn Hynes som er leiar i Beitostølen Helsesportsenter

Glade støttespelarar: Jorunn Hynes og Eddie Stefors frå Beitestølen Helsesportsenter Venneforening i lag med Ine Wigennæs. Foto: Nils Rogn
Glade støttespelarar: Jorunn Hynes og Eddie Stefors frå Beitestølen Helsesportsenter Venneforening i lag med Ine Wigennæs. Foto: Nils Rogn
Venneforening. Ho og kasserar Eddie Stefors hadde kome heile vegen frå Lillestrøm for å vera med på opninga. Ho skrytte av arbeidet Wigernæs hadde lagt ned, både med søknaden og arbeidet i kommunane for å få gode løyper.
Frukt, bær og sjampanje for alle frammøtte! Foto: Nils Rogn
Frukt, bær og sjampanje for alle frammøtte! Foto: Nils Rogn

 

Fyrste stasjon i trimløypa måtte testast. Foto: Nils Rogn
Fyrste stasjon i trimløypa måtte testast. Foto: Nils Rogn
 

Kva skjer?

<<  Juni 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
282930    

Festivalar

  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar

Sosiale media

Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes. Tlf. 61 35 94 50. E-post: redaksjonen@valdres.no. Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen. Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Consulting.

Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark