Person frå Vang
| 12 dagar med Sommersymfoni |
|
|
| onsdag 23. juni 2010 10:43, Nils Rogn |
|
Så er Sommersymfonien i gang. Klokka seks på jonsokkvelden starta opningskonserten på Valdres Folkehøgskule - den fyrste av heile 59 konsertar. Valdres Sommersymfoni blir i år gjennomført for 17. gong. Festivalen har fått status som Norges leiande sommarmusikkskule innanfor klassisk musikk – med stryk, blås, klaver, song og i år også gitar – og har som mål å vera staden der elevar blir inspirert og der draumar blir skapt. KontaktskapandeDet er også en festival der internasjonale topputøvarar møtest, og jobbar både med kvarande og saman med unge vidarekomne elevar. Dette gjer Sommersymfonien unik i internasjonal samanheng. For fleire av dei leiande talenta i landet, som Vilde (Frang) Bjerke, Eldbjørg Hemsing, Catharina Chen og Alexander Rybak, har nettopp Valdres Sommersymfoni vore det fyrste møte med eit profesjonelt musikkmiljø, og staden der viktige kontaktar vart knytta; kontaktar som seinare vart sentrale for den vidare utviklinga. 12 dagar med musikkNord-Aurdal kommune er hovudsete for Sommersymfonien. Konsertar blir halde i og rundt Leira og Fagernes. Valdres Sommersymfoni har dessutan inngått eit konsertsamarbeid med samtlege valdreskommunar. Samla kan innbyggarane i Valdres og dei tilreisande i sommar glede seg over 59 konserter i løpet av 11 dagar (23. juni til 4. juli).
|
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | ||||||
| 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 |
| 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 |
| 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 |
| 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 |
| 30 | 31 |