Lemen
800 000 til jazz, folkemusikk og rock |
|
|
|
|
| torsdag 24. juni 2010 14:44, Nils Rogn |
|
Samarbeid mellom ulike musikksjangrar I november 2009 etablerte Østnorsk jazzsenter, Austnorsk folkemusikksenter og Delta Øst Rytmisk kompetansenettverk for Østlandet – eit samarbeidsorgan mellom musikksjangrane jazz, folkemusikk, pop/rock og verdsmusikk. Rytmisk kompetansenettverk for Østlandet, skal arbeide for å auke interessa for rytmisk musikk generelt og for å heve kompetansen for profesjonelle utøvarar på Austlandet spesielt. Nettverket legg vekt på å formidle kompetanse som set profesjonelle utøvarar i betre stand til å leve av utøvinga si.
Kva slags kompetanse?Profesjonalisering, festivalvekst og samarbeid mellom dei nemnde sjangrane er stikkord for å forstå etableringa av Rytmisk kompetansenettverk for Østlandet. Kompetansebehovet for dei profesjonelle utøvarane er stort, og knyter seg i hovudsak til virkefelt som produksjon- og produsentkompetanse, lov og avtalerett, styrking av konsertnettverk, etablering av konsertscener, turnéarbeid, marknadsføring og merkevarebygging. Kompetansen skal gjerast tilgjengeleg gjennom kurs, seminar, konferansar, samlingar og møte.
ForankringDet er regjeringa som legg opp til drift av slike regionale kompetansesenter. Gjennom St. meld. nr. 21 (2007—2008) heiter det at: Formålet er å bidra til et landsomfattende og kostnadseffektivt nettverk av kompetansesenter på det rytmiske området. Den kompetansen som finnes i den enkelte region må styrkes, samordnes og stilles til rådighet for de regionale aktørene på det rytmiske feltet.
Regionale samarbeidspartnararOppland fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark er viktige samarbeidspartnarar for Austnorsk folkemusikksenter, i Valdres. Oppland fylkeskommune løyvde tidlegare i år 600 000 kroner til drift av Austnorsk folkemusikksenter. Valdres Natur- og Kulturpark har for 2010 løyvd 300 000 kroner i tilskott. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark