Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Neste TV serie: "Fjellfolk" på NRK, 12. februar

"Ut i naturen" fra Vassfaret i Valdres ble en seersuksess. 1,5 mill seere.

Klassisk sommarkveld i Heensåsen kyrkje

Skriv ut E-post
Oslo strykekvartett. Frå venstre Geir Inge Lotsberg, Liv-Hilde Klokk, Øystein Sonstad og Are Sandbakken. Foto: Nils Rogn


måndag 28. juni 2010 23:06, Nils Rogn

Ei fullsett kyrkje tok i mot Oslo strykekvartett på Heensåsen i Vang måndagskvelden. Det vart ei variert musikalsk kveldsstund som lokale Thomas Vatn Weisser fekk æra av å opne.


Thomas Vatn Weisser takkar for applausen. Foto: Nils Rogn
Thomas Vatn Weisser takkar for applausen. Foto: Nils Rogn
Thomas kom godt frå Sommersymfoni-debuten. Stykket han hadde valt, Frühlingsrauschen av Christian Sinding, er ikkje av dei enklaste på pianoet. Men Thomas hadde kontroll både på fingrane og pianoet, og fekk velfortent applaus. Her er det berre å satse vidare!

Også samtidsmusikk

Oslo strykekvartett starta med eit stykke av Franz Schubert, Quartettsatz i c-minor. Her sette kvartetten standard med presist samspel og god formidling. Stykket veksla mellom hurtige og rolege parti, kraftig og stille spel og grovt og grant på strengene. Dei meistra alt. Så kom eit stykke samtidsmusikk av den norske komponisten Rolf Wallin, Curiosity cabinet. I dei ti satsane var det sanneleg mykje kuriøst, ein av dei var vel strengt tatt berre ein tone. Framføringa gjorde stykket litt enklare tilgjengeleg ved at kvar sats vart introdusert. Musikarane fekk nytta heile spekteret av lydar, der banking på felebotn og hakebrett inngjekk.

Nykomponert Grieg

Strengekvartett i F-Major av Edvard Grieg stod som avslutningsnummer. Dette er eit ufullstendig stykke som inntil for to månader sidan mangla to av dei fire satsane. Etter 19 år i ”gamet” med Oslo strykekvartett, fann cellisten Øystein Sonstad ut at dette verket måtte fullførast for at dei skulle ha fleire Griegmelodiar på repertoaret. Slik kunne publikum i Heensåsen kyrkje få servert både gamle og nye Griegtonar denne kvelden.  Stykket var tydeleg basert på norske folketonar, særleg i tredje sats var det parti med rein slåttemusikk. Kva som var Grieg og kva som var Sonstad var ikkje lett å finne ut av, og det betyr vel at han har gjort ein god jobb.

Ekstranummer

Taktfast og langvarig applaus gav ekstranummer. Her slo kvartetten til med ein rask kanadisk reel som gav vibrasjonar i dansefoten, og som vart meir og meir skeiv i tonane utover.

Inspirerande

Takk til Liv-Hilde Klokk og dei andre musikarane med Grihamar CD og vangshefte. Foto: Nils Rogn
Takk til Liv-Hilde Klokk og dei andre musikarane med Grihamar CD og vangshefte. Foto: Nils Rogn
– Det er godt at også me får vera litt i ”begivenhetenes sentrum”, sa skule- og kultursjef Jon Eggen i takketalen. Han meinte slike konsertar kunne vera stor inspirasjon for mange, både som musikalsk påfyll og til å satse på eiga musikk-karriere. Sikkert er det i alle fall at  både bygdafolk og tilreisande publikum gjekk ut i sommarkvelden med ei god kjensle. - Det var jammen godt me kom oss på denne konserten, var omkvedet.
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  810
13141516171819
202126
272829    

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar