Person frå Vang
| VNK deler ut 100 000 kroner til fire festivalar |
|
|
| onsdag 30. juni 2010 11:50, Nils Rogn |
|
På utlysinga om ekstraordinære festivalmidlar, kom det inn fem søknader til Valdes Natur- og Kulturpark. Pengane skulle nyttast til vidareutvikling av festivalane, og tiltaka måtte vera innanfor dei definerte satsingsområda i festivalstrategien.
Desse satsingsområda er miljø, lokalmat, fysisk aktivitet, bruk av lokale artistar og kunstnarar og samhandling/fellestiltak, i tillegg til merkevarebygging og profilering av Valdres. Alle dei fem innkomne søknadene oppfyller desse kriteria for tildeling. VNK har difor valt å gje støtte til alle omsøkte prosjekt, men har redusert beløpet på nokre av søknadane. Sol av Isfolket får 10 000 kroner til å gjennomføre ein ringverknadsanalyse i samarbeid med Høyskolen på Lillehammer. Dei blir oppfordra til å inngå samarbeid med ein eller fleire andre festivalarrangørar i Valdres, for å få ei større breidde på undersøkinga. Landbruksdagen og Valdresgildet får kr 15 000 til å utvikle arrangementa til eit fellesarrangement i samarbeid med Valdres Matforum, fjellstyra, jeger- og fiskeforeningane og andre. Målsetting er å etablere en ”ny” festival i 2011. Landbruksdagen ynskjer å få nytt namn og å ha ein breiare profil med tema som jakt, fiske og friluftsliv, i tillegg til mat og landbruk. Ridderrennets Venner får 10 000 kroner i støtte til vidareutvikling av Ridderrennets Valdresprofil, blant anna på nettsida og i publikumsinvitasjonen (innstikk i diverse aviser). Vinjerock får 35 000 kroner i støtte til å utvikle eit nettbasert system for dugnadshandtering. Det er ein føresetnad at dei andre medlemmene i festivalnettverket får kostnadsfri tilgang til systemet. Vinjerock har vore på utkikk etter eit godt system for handtering av dugnadsarbeidarar, utan å finne noko som er egna. Dei vel difor å utvikle eit sjølv. Fleire av dei andre festivalarrangørane i Valdres er interesserte i å nytte systemet, noko Vinjerock vil gje dei fri tilgang til. Vinjerock får også 30 000 kroner i støtte til innkjøp av nedbrytbart dekketøy med Valdres-profil. Her er det ein føresetnad at minimum tre festivalar er interesserte i å nytte dekketøyet. Det er snakk om maisbasert dekketøy med Valdres-logo og ei påskrift/nokre kloke ord om å ta vare på miljøet i Valdres. Dette vil fyrst vera aktuelt for festivalsesongen 2011. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 |