tekststorleik A A
 Søk

Motta nyheitsbrev

Send

Valdres Natur-
og Kulturpark

Vang kommune Vestre-Slidre kommune Øystre-Slidre kommune Etnedal kommune Sør-Aurdal kommune Nord-Aurdal kommune

Dagens valdres-uttrykk

Vangsgjelding

Person frå Vang

Sol av Isfolket på CD Skriv ut E-post
Musikarane er Jan Beitohaugen Granli (fele & munnharpe), Marit Karlberg (song, langeleik) Rune Glimsdal (orgel & perk), Stein Villa (strengeinstrument, fløyte m.m) og Eilif Gundersen (bukkehorn, lur og tamburin). Foto: Nils Rogn


fredag 09. juli 2010 09:05, Nils Rogn
Samtidig med premieren på årets utgåve av Sol av Isfolket, lanserer dei fem musikarane i spelet ein CD. På eige initiativ har dei i vinter spelt inn store delar av musikken i spelet, og resultatet blir å få kjøpt frå torsdag 15. juli og utover.

- Ja, me tok tak i dette på eige initiativ og håpar at publikum vil ha eit musikalsk minne med seg heim, seier Marit Karlberg. Det er ho som har komponert all musikken i spelet. – Om det er eg som har vore ansvarleg for melodiane, vil eg presisere at CD-en er resultatet av eit stort og godt samarbeid. Alle musikarane har bidrege til arrangementa, og det er Eldgrim Spingard som har skrive tekstane. Og så har me fått Margit Sandemo til å lesa eit føreord på plata. Rune og eg var på besøk hjå henne i Skåne no i vår.

Fengande og melodiøs musikk

Rune Glimsdal trakterer trøorgel og tromme - og har produsert CD-en heime i Studio Stabbur. Foto: Nils Rogn
Rune Glimsdal trakterer trøorgel og tromme - og har produsert CD-en heime i Studio Stabbur. Foto: Nils Rogn
- Korleis har du jobba for å komponere såpass mykje ny musikk, spør me Marit. – Når eg måtte ta over komponistjobben før fyrste spelet, jobba eg heile ferien med dette. Sidan eg visste kven som skulle vera musikarar og at det måtte vera folkemusikkinspirert musikk med god takt, tok eg utgangspunkt i det. Musikken måtte fungere godt i samspel, vera fengande og melodiøs. Ja, eg tok faktisk fela fatt sjølv, og sette som krav at eg ikkje måtte lage det vanskelegare enn at eg som songar fekk det til på fele!

Både dramatisk og lyrisk

Etter å ha sett – og høyrt – dei to fyrste spela, må ein kunne seia at resultatet vart svært bra. Dei melodiske motiva fell godt i øyro, og blir også repetert i ulike taktartar. – Regissør Leif Stinnerbom påverka også ein god del i forhold til at musikken måtte understreka spelet. Difor vart det mykje kraftig og dramatisk uttrykk, og ein god del lyrisk stemning, seier Marit.

Juli- og julegåve

Men attende til plata. - Det har vore svært kreative og fruktbare samlingar i Studio Stabbur hjå Rune Glimsdal. Det er ganske unikt at ein av oss har eige innspelingsstudio, og her har me hatt det veldig hyggeleg. Eg håpar det kan høyrast på plata, smiler Marit. - Ja, me håpar dette både blir årets juli- og julegåve, smiler Rune Glimsdal. – Me har alle ei god kjensle for at dette har blitt eit bra produkt, og me er spente på reaksjonen frå lyttarane.

Frisk satsing

Med CD-en blir det eit 24 siders hefte med alle tekstane og mange bilde frå spelet. Opplaget er på optimistiske 3 000 eksemplar. Dette er elles den fyrste CD-en som Studio Stabbur gjev ut. – Sjølv om det er me musikarane som gjev ut plata og er økonomisk ansvarlege, har me heile tida hatt eit godt samarbeid med leiinga for Sol av Isfolket. Når me forhåpentlegvis har fått dekka utgiftene våre, vil noko av inntektene vidare tilfalle spelet, seier Rune Glimsdal.
 

Kva skjer?

<<  August 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
        1
  2  3  4  5  6  7  8
  9101112131415
16171819202122
2324252627
     

Festivalar

  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar

Sosiale media

Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes. Tlf. 61 35 94 50. E-post: redaksjonen@valdres.no. Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen. Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Consulting.

Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark