Lemen
MB Bitihorn på vatnet |
|
|
|
|
| måndag 12. juli 2010 08:26, Nils Rogn |
|
I dag, måndag 12. juli, legg MB Bitihorn ut på Bygdin for fyrste gong i år. Etter ei ventetid på meir enn to veker på at det regulerte vasskraftmagasinet og fjellvatnet Bygdin skulle nå seglbar høgde, melder JVB at dei no er i gang med den 99. sesongen for MB Bitihorn. Sesongen går til søndag 12. september. Eit alternativ til å ta MB Bitihorn tur/retur kan vera å ta ein full rundtur. Du kan gå på kvar du vil, seia til sjåføren at du skal ha rundtur og nyte turen. Rutebussane frå Fagernes til Bygdin og Tyin/Eidsbugarden korresponderer med MB Bitihorn. Sjekk rutetider m.m. her. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark