Lemen
Nye skilt i Fagernes |
|
|
|
|
| onsdag 21. juli 2010 07:49, Anne Strand Moen |
|
På 20 historiske bygningar i Fagernes er det i sommar montert nye informasjonsskilt. Skilta inneheld historiske bilete av bygningane, i tillegg til tekst på norsk og engelsk. Det er Carina Watkinson i designfirmaet Velour, som har utforma skilta på oppdrag frå Valdresmusea og prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen og Nord-Aurdal kommune. Bakgrunnen for skiltinga er eit ynskje om å styrke formidlinga av dei kulturhistoriske verdiane i bygdebyen vår, samt 150-årsmarkeringa for etableringa av den fyrste skysstasjonen på staden, fortel Ole Aastad Bråten, seksjonsleiar ved Valdresmusea. Dei 20 bygningane representerer i tillegg høgdepunkt i byggjeskikk- og arkitekturhistoria på Fagernes.Godt kjeldegrunnlagArbeidet som starta hausten 2009, har kasta nytt lys over historie og daglegliv for fleire av bygningane. Kjeldegrunnlaget er omfattande: 14 skriftlege og 28 munnlege kjelder syrgjer for kvalitetssikring av tekst og bilete. Viktigaste skriftlege kjelde er likevel Knut Hermundstad (1888–1976) som i 1954 gav ut boka om handel og næringsliv i Valdres. Utforming og samarbeidspartnararSkilta er utforma av Carina Watkinson i designfirmaet Velour. Watkinson har også tidlegare utført arbeid for Valdresmusea; Bunad- og folkedraktrådet si heimeside og utstillinga Ikon, som opna 7. juni på Valdres Folkemuseum. Skilta er produsert med støtte frå Sparebankstiftelsen og Nord-Aurdal kommune. Sjå alle skilta: Skilt_A3_Fagernes.pdf |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark