Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Klart for VM i fluekasting

Skriv ut E-post
Sjølvaste presidenten i Norges Castingforbund, Trond Nøkleberg, var måndag i full sving med å rigge til det komande fluekastings-VM. Lokal medhjelpar var Oskar Nythun (til høgre), som også skal vera dommar under tevlingane. Foto: Nils Rogn


tysdag 10. august 2010 10:00, Nils Rogn

Fredag blir det mange svingande fluestenger å sjå i Strandefjorden utanfor Fagernes Hotel. Då skal 53 deltakarar i det fyrste VM i fluekasting kjempe om å bli den beste i heile verda til å kaste langt og presist med fluefiskeutstyr.

Morgan Andersson i Norges Castingforbund er fornøgd med deltakinga som omfattar fluekastarar frå ni europeiske land samt USA.  – Frå Norge stiller 21 deltakarar, men ingen av dei er frå Valdres, innrømmer han.  Kanskje kan eit VM få opp interessa også her, det er i alle fall nok av ivrige fiskarar som både kan kaste langt og veit å plassere ei freistande flue på rett plass.

Lokal hjelp

Caroline Aaberg har ein positiv stab av frivillige som stiller opp under meisterskapet. Foto: Nils Rogn
Caroline Aaberg har ein positiv stab av frivillige som stiller opp under meisterskapet. Foto: Nils Rogn
Det er på arrangørsida at engasjementet blir lagt frå lokalt hald denne gongen. Caroline Aaberg i Nord-Aurdal jeger og fiskeforening organiserer om lag tjue frivillige frå alle dei lokale jeger- og fiskeforeningane i Valdres. Nokre er i sving med bygging av banar for konkurransen, andre stiller opp og organiserer og legg til rette for deltakarane på andre måtar. Nokre stiller også som dommarar.  – Alle har vore så positive når eg har ringt og spurt, seier Caroline. - Ein svært sentral person som også har vore viktig for å få arrangementet hit, er Kjell Arne Berntsen. Han er sekretær i lokalforeninga og har stor arbeidskapasitet. Under meisterskapet skal han vera speaker. Han meistrar tre ulike språk så alle skal få med seg det som skjer, meiner Aaberg.

Rundtur i Valdres

– Å få det fyrste fluekastingsverdsmeisterskapet til Valdres er stort. Med så stor internasjonal deltaking vil me også gjerne vise fiskarane litt meir av Valdres. Valdres er jo kjent for fisking, og søndag har me lagt opp ein rundtur til gode fiskeplassar i Valdres.  Kanskje kan nokon bli freista til å bli nokre dagar ekstra for å prøve fisken på ordentleg, håpar Caroline Aaberg.

Utøvarhotellet

Innkvarteringa skjer i hovudsak på Fagernes Hotel og utøvarane får dermed berre ein kort spasertur ut til konkurransearenaen. – Også direktør Kjetil Vassdal ved hotellet har vore svært imøtekomande, og han har lagt til rette for at lokale produsentar av ulike produkt kan få marknadsføre seg utanfor hotellet. Fleire er inviterte, og me håpar nokre vil møte opp og skape litt ekstra stemning, seier Aaberg.

Gratis tilgang

VM_fluekasting_bane
På denne banen på austsida av Vesleøya skal deltakarane konkurrere om å kaste lengst mogleg. Opp mot 70 meter skal kunne nåast om tilhøva blir gode. Utøvarhotellet i bakgrunnen. Foto: Nils Rogn
Morgan Andersson  i Castingforbundet håpar at mange kjem for å sjå på dei ivrige fluekastarane. Øvingane i meisterskapet er publikumsvennlege og det er gratis tilgang. Det er imponerande å sjå presisjonskastinga der fire blinkar skal treffast etter tur. Også lengekasting på meir enn 70 meter er artig å sjå. Vanleg fiskeutstyr skal brukast, men flua er utan krok om ein fisk skulle la seg freiste. Det er i alt seks øvingar som skal gjennomførast fredag 13. og laurdag 14. august.

Viktig med vellykka VM

I tillegg til lokale eldsjeler stiller forbundet med ca. 16-17 personar som skal vera sekretariat, dommarar og elles hjelpe til med verdsmeisterskapet. – Det er viktig at dette blir eit vellykka arrangement som det internasjonale forbundet ønskjer å følgje opp. Me er i alle fall villige til å ta på oss å vera VM-arrangørar fleire gonger om forbundet vil satse på eit årleg fluekastings-VM, seier Morgan Andersson.

 

PR for forbundet

Andersson vedgår at dette ikkje er nokon god butikk for det nasjonale forbundet. – Me har vel ei utgift på vel 200 000 kroner, og med minimale inntekter, går me godt i minus. Men me håpar å få god PR på arrangementet og det me driv med, og at fleire dermed ønskjer å bli medlemmer hjå oss. I dag er 3 500 fluefiskarar og castarar med i Norges Castingforbund.



 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar