Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Stavkyrkjekonsertar i Hegge og Øye

Skriv ut E-post
Elisabeth Vatn, Anders Røine, Elisabeth Holmertz og Harald Skullerud held konsert i Hegge og Øye stavkyrkje.


onsdag 11. august 2010 10:54,

Laurdag og sundag 14. og 15. august spelar gruppa ”Tjære være treklang” i stavkyrkjene Hegge og Øye. I samband med ein turné for Rikskonsertane i Kulturminneåret 2009, spelte gruppa i dei fleste av stavkyrkjene i Noreg.


Før kvartetten drog ut på turnéen, har dei i eit år vitja stavkyrkjene og dykka ned  i lokal historie og søkt i musikkhistoriske kjelder. Møtet med dei norske stavkyrkjene vekkjer eit vell av assosiasjonar. Kvar av stavkyrkjene har si historie, sine forteljingar og legender, myter, tru og overtru. Stavkyrkjene har i seg lydane av fleire hundre år med allmuesong, kyrkjeklokker, tekststader, salmar, personlege skribleriar, dedikasjonar, knakende golvplankar og summande kyrkjelyd.

 

Folketonar frå fortida

Musikarane Elisabeth Vatn, Harald Skullerud, Anders Røine og Elisabeth Holmertz tilbyr ein konsert som blir ei oppdagingsferd i norske folketonar, eldre norsk kyrkjemusikk og i mellomalderens blåse- og trommerepertoar. Instrumenta gruppa nyttar ligg på mange måtar tett opp til den samansetning vi veit eksisterte i mellomalderen, med sekkepiper, klarinettar, trommer og strengeinstrument, med munnharper, langeleik og pumpeorgel. Ein vil kunne få ei konsertoppleving som ikkje berre blir kring ideen om stavkyrkjer, men også kring menneska som har levd med stavkyrkjene.


Konsertane blir arrangert av  Øye Sokneråd, Øystre Slidre Kyrkjelege fellesråd og Valdres Natur- og Kulturpark.

Les meir om programmet her.
Les om musikarane her.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar