Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Stor internasjonal konferanse for fjellpolitikk på Lillehammer

Skriv ut E-post
Det er mykje høgfjell i Noreg. Her frå Svartdalen mellom Torfinnsbu og Gjendebu. Foto: Nils Rogn


torsdag 12. august 2010 08:58,

- Europas største konferanse for fjellpolitisk interesserte blir arrangert i Noreg for fyrste gong.

Er innovasjon nøkkelen til utvikling av fjellbygdene våre? Dette spørsmålet skal diskuterast på ein stor europeisk konferanse på Lillehammer i midten av september. Hovudarrangør er Euromontana, den europeiske interesseorganisasjonen for fjellpolitikk, i samarbeid med det norske Fjellregionsamarbeidet og Oppland fylkeskommune.

I løpet av dei tre dagane på Lillehammer skal deltakarane lære meir om innovasjon og diskutere korleis innovasjonar kan nyttast til utvikling av fjellbygdene. Konferansen startar med studieturar til Valdres, Gudbrandsdalen og Østerdalen, der deltakarane får sjå døme på innovasjonar i ulike næringar i fjellbygdene.

I plenum under konferansen blir innovasjonsomgrepet og definisjonen av dette tatt opp, før det blir konkrete diskusjonar om korleis ein kan sikre utvikling av innovasjonar også i spreidtbygde strok, og innan dei næringane som er spesielt viktige i fjellområda.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem og gjev forsamlinga gode døme på innovativ utvikling i norske fjellområde. Den mest langvegsfarande gjesten kjem frå MIT (Massachusetts Institute of Technology) i USA. Universitetet er kjent for sitt innovasjonsarbeid, og mellom anna for sine FabLab’ar, som spreier kompetanse og deler kunnskap over heile verda. Ei rekkje andre personar frå inn- og utland vil gje deltakarane mange spennande foredrag innan emnet innovasjon i fjellbygdene.

Det er alt 200 påmelde på konferansen, men det er plass til fleire. Arrangørane håpar at mange fjellinteresserte vil nytte høvet til å få fagleg påfyll og bygge nettverk med likesinna innan Noreg og resten av Europa. Heile konferansen vil bli tolka til norsk, i tillegg til fransk og engelsk.

Landbruket er sentralt i dei fleste fjellbygder i Europa. Foto: Nils Rogn
Landbruket er sentralt i dei fleste fjellbygder i Europa. Foto: Nils Rogn

Fjellbygdene er leverandørar av mange ressursar som storsamfunnet treng, slik som vasskraft, kulturlandskap og store naturverdiar. Fjellbygdene er kjenneteikna av eit næringsliv der landbruk betyr meir enn i resten av landet, og i tillegg er reiseliv og offentleg sektor viktig. Det blir i samband med konferansen arbeidd med ei utstilling som vil vise fjellbygdene og kva dei leverer til storsamfunnet.

Naturleg nok har fjellområda eit tøffare klima enn lågareliggande område, og det er ofte brattlendt og utfordringar knytt til transport. Mange bygder har opplevd nedgang i folketalet, sjølv om dette har stabilisert seg i ein del fjellregionar. Lågt folketal kombinert med ein høg prosentdel eldre, gjev utfordringar knytt til det offentlege tenestetilbodet. Innovasjonar i fjellbygdene må bygge på desse føresetnadene og gjerne gje løysingar på dei spesielle utfordringane fjellbygdene har.

Den norske hovudarrangøren, Fjellregionsamarbeidet, er eit regionalpolitisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Medlemane har til felles at fjellområda er ein viktig del av ressursgrunnlaget, og fjellet er ein føresetnad for næringstilpassing, kultur og livsvilkår.

Kontaktpersonar:
Ann Marit Holumsnes, sekretær for Fjellregionsamarbeidet, tlf. 406 04 008
Torunn H. Kornstad, sekretær for Fjellregionsamarbeidet, tlf. 482 28 291
Svein Borkhus, leiar for Fjellregionsamarbeidet, tlf. 913 08 100

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar