Surt vêr
Garanterer minst ein norsk verdsmeister |
|
|
|
|
| torsdag 12. august 2010 20:54, Nils Rogn |
|
Jarle Strandberg frå Hemsedal er sikker på norsk suksess under verdsmeisterskapet i fluekasting denne helga. – Nivået i Norge er høgt og eg er heilt sikker på at minst ein av oss 21 deltakarar frå Norge kan kalle seg verdens beste etter konkurransane, seier han mellom treningøktene ved Vesleøya.
Strandberg burde vite kva han snakkar om. I fleire år har han vore blant dei fremste fluefiskarane i landet, og i 2008 vart han norsk meister. Han gledar seg enormt til konkurransane ved Vesleøya. – Det blir spennande å møte dei beste utlendingane, seier han. – Banane ligg godt til rette for publikum, og eg håpar mange kjem for å oppleva konkurransane. Blir det ikkje vind får me mange innerblinkar på presisjonsøvingane og lengdekast på minst 70 meter, meiner han. Fisking på ordentlegJarle Strandberg er så ivrig fiskar at han like godt flytte frå Østfold til Hemsedal for fire år sidan. – Betre fiskeelv enn Hemsila finst ikkje, svarar han når eg ymtar frampå at han burde ha flytta til Valdres. Det er for fisken si skuld at han driv med dette. – Ja, eg dreg opp svært mykje fisk i løpet av ein sesong, men eg slepper dei fleste ut att, seier han. Men ein og annan fiskemiddag unnar han seg.KursFor to år sidan heldt Jarle Strandberg kurs i fluekasting i Valdreshallen. Han er instruktør for Norges Jeger- og Fiskerforbund, og karakteriserer interessa i Valdres som vanvittig bra. Då står det berre att å sjå om nokre av dei vågar å stille opp i komande konkurransar. Denne gongen er Jarle det næraste ein kjem ein lokal deltakar i verdsmeisterskapet. Me ynskjer han lykke til.Sjå litt av fiskefangsten til Jarle HER. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark