Surt vêr
Landbrukslovgivinga under debatt |
|
|
|
|
| måndag 23. august 2010 12:23, Nils Rogn |
|
Valdres Næringsforum ber onsdag denne veka inn til møte om praktisering av landbrukslovgivinga. Det er fyrst og fremst forhold kring konsesjon, bu- og driveplikt som blir sett på dagsorden. Stortingsrepresentant Ola Borten Moe skal ha hovudinnlegget. Han vil gå gjennom kva handlingsrom kommunane har på dette området. - Situasjonen i dag er at Valdres har om lag 500 gardsbruk som står tomme. Eigarane vil ikkje selje. 40 prosent av jorda som blir drive i Valdres, er leiejord. Dette gjer at me spør om kommunane praktiserer landbrukslovgivinga rett i forhold til dei utfordringane både landbruket og regionen står overfor, seier dagleg leiar i Valdres Næringsforum, Mikael Fønhus. Lokal praksisHan opplyser at 35 har meldt seg på møtet som blir halde i festsalen på Valdres Folkemuseum. Etter hovudinnlegget til Borten Moe – som forresten var saksordførar då lovene på området vart endra i fjor vår – skal Nord-Aurdal og Øystre Slidre legge fram korleis dei praktiserer regelverket. Felles praktisering- Målsetjinga vår er å få eit betre grunnlag for å diskutere ei felles praktisering av landbrukslovgivninga i Valdres, seier Fønhus. – Me vil diskutere temaet vidare utover hausten og håpar å få til gode og fleksible løysingar. Dette vil forhåpentlegvis gjera det lettare å få fleire til å koma for å bu og jobbe i Valdres. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark