Ola Borten Moe samla godt tretti tilhøyrarar på debattmøtet. Foto: Nils Rogn
|
torsdag 26. august 2010 20:58,
Nils Rogn |
Med 583 ubebudde gardsbruk i Valdres som utgangspunkt, innleidde Mikael Fønhus debattmøtet om praktisering av eigdedomslovgivinga i festsalen på Valdres Folkemuseum no onsdag. – Eigarane vil ikkje selje, dei leier heller bort jorda til naboar. Resultatet blir at gardane står tomme, bygdene blir avfolka og langt frå så levande som me ynskjer å ha dei. Er det lovverket som gjer at det blir slik, eller er det praktiseringa, spurde han.
Stortingsrepresentant Ola Borten Moe kunne svara for lovverket sin del. Han var saksordførar då lovene sist var til revisjon for halvtanna år sidan. – Samfunnet vårt er i stadig endring, difor må også lovene heile tida endrast, sa han, og spådde fleire rundar med lovendring i nær framtid. – Det handlar om heile tida å balansere mellom dei rettar og plikter som eigedomsretten fører med seg.
Lokalt sjølvstyre
Ola Borten Moe meinte at strukturrasjonaliseringa hadde si grense i Valdres. - Det er ikkje effektivisering å drive mange spreidde gardar, meinte han. Foto: Nils Rogn
- Årleg blir det omsett 8 500 av i alt 220 000 landbrukseigedommar i landet. Dette er alt for lite, sa han. – Me må ha ein politikk som stimulerer til auka omsetning av bruk, og det bør vera rimeleg klare reglar som sikrar lik handsaming over heile landet. Likevel er det slik at kommunane har stor fullmakt og ei rikhaldig verktøykasse til å utøve lokalt sjølvstyre på område som prisfastsetting, bu- og driveplikt og deling av bruk. Utfordringa er at kommunane må bli meir medvitne og ha klare mål med eigedomspolitikken sin, meinte Borten Moe.
Prisregulering på tur ut
- Terskelen for å selje garden sin er høg i Norge. Det er lettare å leie ut jorda. Den norske folkesjela er nok slik at me treng ein generasjon på å fordøye at ein ikkje skal starte opp att drifta, sa Borten Moe vidare. Det å selje garden sin har også økonomiske aspekt knytt til skatt og prisregulering. Det siste spådde Borten Moe kom til å bli borte ved neste lovgjennomgang, fyrst og fremst fordi det fører til lågare tilbod av gardar. Utilsikta utslag av skattepolitikken ved gardssal, skulda han på førre regjeringa og Foss.
Deling – vanskeleg tema
Deling av gardar var neste tema, og her var Borten Moe klar på at det var nøydt til å vera reglar for dette også i framtida. – På dette punktet er det størst forskjell i praktisering i kommunane, og det burde difor kanskje vera endå sterkare føringar, meinte han. – Men her er det mange dilemma og ikkje opplagte og enkle løysingar. Dette gjeld ikkje minst frådeling av stølar og utmarksrettar, og tun eller kårbustader nede i bygda. Men så lenge delinga styrkjer næringsgrunnlaget til dei som driv med jord, vil dette vera fornuftig, sa han.
Styrking av eigedomsretten
Buplikta meinte Borten Moe det var viktig å halde fast på. Denne er viktig for busettingsmønsteret, og ho sikrar den demokratiske eigedomsretten me har i Norge, meinte han. – Buplikta gjev ei mulegheit for mange til å eige gardar, rett og slett fordi ein ikkje kan bu på fleire plassar. Men buplikta må ikkje praktiserast blindt og vilkårleg, var bodskapen hans. Ola Borten Moe såg elles for seg at rettar knytt til det å eige kom til å bli større framover. – Gardeigarar vil få større makt og handlingsfridom over eigedommen sin, meinte han.
Stølen styrer
I kommentarrunda etterpå kom det fram at Fylkesmannen var ein vel så stor bøyg for mange som kommunane. Fylkesmannen inndreg mykje av verktøykassa vår, sa Kåre Helland frå Sør-Aurdal. Odd Erik Holden var glad for signala om sterkare eigedomsrett, og trudde det var rett at ein kunne skilje frå ei tomt på stølen og selje resten av bruket. Også mange andre var inne på at valdrisen gjerne har eit større og betre forhold til stølen enn resten av garden, og at det å halde att stølen eller få ei tomt der ville løyse ut eit gardssal.
Problematiske leieavtaler
10-årige leieavtaler var mange inne på som problematisk å gjennomføre i praksis. Borten Moe meinte at dette var noko som kom til å bli avskaffa med tida, og han fekk som svar at dette ikkje var av dei mest prioriterte oppgåvene hjå dei lokale landbrukskontora.
Lokal praksis
Så slapp Lage Westerbø frå Nord-Aurdal og Kjell Håvard Tuv frå Øystre Slidre til, for å fortelje om korleis praktiseringa av lovverket i deira kommunar var. Her framstod Nord-Aurdal som meir liberal enn Øystre Slidre, i alle fall tyda reaksjonane etterpå slik. Helge Lajord frå Vang var absolutt imot slakting av bruk (oppdeling), og var kritisk til praksisen i Nord-Aurdal. Odd Erik Holden syntest det var flott med ein debatt, men var ikkje glad i ein konserveringstankegang. – Om vangsgjeldingane har vore fornøgde med politikken der dei siste 30 åra, er det ikkje sikkert det er svaret på dei komande års utfordringar, sa han. Han meinte også at stølen ikkje skulle styre all tankegang rundt sal eller oppdeling av gardar.
Berekraftig framtid
Mikael Fønhus takka Moe med ein lokal Hellekurv. Foto: Nils Rogn
Ola Borten Moe oppsummerte med at kompetanse var eit sentralt, men forsømt felt. - Det er viktig at dei som overtek gardar har gode føresetnader. Den komande landbruksmeldinga vil ta opp dette og mange av spørsmåla som har vore oppe her. Det har aldri blitt produsert så mykje mat med så lite arbeidskraft som no, sa han vidare. - Dette fordi kraftforkrevjande produksjonar er på frammarsj, og at produksjonen blir meir og meir sentralisert. Spørsmålet er om dette er berekraftig over tid. Eg trur det blir viktig å utnytte eige ressursgrunnlag mykje betre framfor å satse på import av billig kraftfôr. Då er det gras, utmark og drøvtyggarar det handlar om, sa Borten Moe.
VNK tek ballen
Gro Lundby gav honnør til Valdres Næringsutvikling for initiativet til møtet. Som rådsleiar i Valdres Natur- og Kulturpark, inviterte ho til at debatten for å få til ei meir felles plattform i desse sakene kunne fortsetje der. Dette støtta Mikael Fønhus i Næringsforumet, og sentra ballen over til natur- og kulturparken med å ynskje at dei seks valdreskommunane kunne framstå meir einskaplege i ein del av dei spørsmåla som var reist.
|