Surt vêr
Sau og ull tema på Landbruksdagen |
|
|
|
|
| laurdag 28. august 2010 11:20, Nils Rogn |
|
Tradisjonen tru er den fyrste laurdagen i september avsett til Valdres-landbruket. Då blir den årlege Landbruksdagen arrangert på Valdres folkemuseum, og årets tema er sau og ull. Dagen køyrer elles etter tradisjonelt mønster med opptog av hestar og gamle traktorar frå sentrum av Fagernes til museet. Når alle er samla der, kan programleiar Jan Arild Berg ynskje velkomen i amfiet. Her vil 22 år gamle Kari Tveit Hande helse dei frammøtte med si opningstale, og det blir song, hallingdans og utdeling av årets Landbrukspris. Dyra er viktige ein slik dag, ikkje minst kalvemønstringa trekkjer mange skodelystne. Også aktivitetar som kjøring med hest, ponniriding, potetopptaking, baking og spikking kan ein få ta del i. Bygdeungdomslaget og 4 H har eigne aktivitetsopplegg, og det blir sjølvsagt spesielt fokus på sau og ull. I tillegg til aktivitetane kan ein få kjøpt lokalprodusert mat på marknadstorget. Dagen blir avrunda med landbruksfest i regi av Valdres Bygdeungdomslag i den nye festsalen på museet.. Les heile programmet her. PLAKAT |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark