Surt vêr
Anne Strand Moen skiftar kulturbeite |
|
|
|
|
| måndag 30. august 2010 09:51, Nils Rogn |
|
- Det har vore ei lærerik og spennande periode her i Valdres Natur- og Kulturpark, men eg følte no at eg ville ha nye utfordringar, seier Anne Strand Moen. Etter eitt år og åtte månader i jobben som kulturkonsulent ved VNK, har Anne søkt seg over til nye utfordringar. Frå 1. september startar ho som reiselivskonsulent hjå Valdres Destinasjon.
Utleigd frå BufarSiv Anette Mæhlum skal erstatte Anne Strand Moen i Valdres Natur- og Kulturpark. I fyrste omgang er ho engasjert i halv stilling fram til midten av desember. – Eg har eigentleg ei full stilling hjå Bufar Råd & Rekruttering, og dei leier meg ut til ulike prosjekt og engasjement. Frå før er eg engasjert i Ung i Valdres i 40 prosent, seier Siv Anette som har vore innom regionkontoret tidlegare. Gamal i gamet- Frå 2002-2006 var eg regionkonsulent og jobba då med kultur, helse og tilflytting. Arbeidsoppgåvene blir no mykje av det same som då, eg skal vidareføre sakene Anne har jobba med. Festivalnettverket som er etablert blir ei viktig oppgåve å ta tak i, seier ho. - Her skal festivalstrategien reviderast i haust, og me skal halde eit seminar i lag med Oppland fylkeskommune og Norske Festivaler. Få folk til ValdresLikeins blir tiltak kring tilflytting eit prioritert om - "Forholdet" vårt vart litt for kort, men eg håpar på godt "samboerskap" med deg og Valdres Destinasjon framover, sa Kjell Arne Berntsen og takka Anne Strand Moen for godt utført arbeid i natur- og kulturparken. Foto: Nils Rogn
råde. – Me søkte om Bolystmidlar, men fekk dessverre avslag, fortel Anne Strand Moen. – No blir det viktig å jobbe med plan B. Det vedtekne programmet må reviderast ut frå dei nye økonomiske førestnadene. Men eg er trygg på at Siv tek godt tak i dette, ikkje minst ut frå den bakgrunnen ho har, seier Anne og overlet dørnøkkelen til Siv. Utlysing seinare i haustDagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, Kjell Arne Berntsen, fortel at løysinga med å leie inn Bufar Råd & Rekruttering AS ved Siv Anette Mæhlum fram til jul, var for å kjøpe seg litt tid i høve framtidig organisering av kulturarbeidet i parken. – Kultur er sjølvsagt ein veldig viktig del av innhaldet i natur- og kulturparken, og me vil bruke hausten for å vurdere ulike kombinasjonar og løysingar for framtida. Stillinga vil bli lyst ut så snart rådet vårt har konkludert, seier han. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark