Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Valdres i bilder

Skriv ut E-post
Morten Helgesen er ein aktiv kar som forutan å drifte fleire nettsider, gjev ut bøker og kalendrar. Foto. Nils Rogn


torsdag 02. september 2010 00:00, Nils Rogn

Ja, det finst faktisk ei nettside som heiter så. Det er Morten Helgesen som har utvikla sida i lag med ein kompis. Her blir Valdres presentert frå høgt til lågt, med stor spennvidde i motiva.


Men med interesse for fjell, blir det mest frå dei høgareliggande områda i regionen, vedgår Helgesen. Her er det at du som fotograf kan bli med å balansere litt på dette. Om du held eit bra nivå, er det ikkje noko problem å få tilgang til å legge ut bilde på sida. Det er berre å sende over nokre eksempel , seier Morten Helgesen.

Salskanal

- Valdres i bilder skal fungere som eit bildearkiv for Valdres. Her skal ein kunne finne bilde frå dei fleste område, og er ein på jakt etter spesielle illustrasjonsmotiv, vil nettsida også vera ein salskanal for fotografane. Det viser seg ofte at det er tilgjengelegheit meir enn kvalitet som gjev sal. Med denne nettsida håpar me å tilfredsstille begge delar, meiner Helgesen.

Mange utgjevingar

Det er interesse for fotografering, fjellet og det å dra i gang ting som har fått Morten til å lage denne nettsida. Men han har også drege i gang – og fullført – mange andre saker. Gjennom Glittertind Forlag som han og kona Julia driv i lag, har dei gjeve ut fleire bøker og kalendrar. I haust jobbar han med ei ny Valdresbok. Denne er meint for ryggsekken, og kombinerer dei fleste turformer.

Ny turbok for Valdres

Planen var å treffe julesalet, men det blir våren i staden. – Me har rett og slett inga sjanse til å få ferdig boka på ein forsvarleg måte før jul, og har utsett utgjevinga. Sidan det difor ikkje er noko julesal å stresse mot lenger, tek me den tida me treng og satsar på utgjeving i mars-april 2011. Dette blir ei heilårsbok, med beskriving av fot-, ski-, sykkel- og kajakkturar lagt opp kommunevis, fortel Helgesen. Boka har også med GPS-koordinatar slik at det blir enkelt å finne fram. Karta blir av høg kvalitet.

Fleire nettsider

Som om ikkje dette var nok driv Helgesen også nettstaden Norges fjelltopper over 2000 meter. Her får du ei alfabetisk liste over alle toppane, med  GPS koordinatar og vanskegrad for den som vil til topps. Nettstaden baserer seg på boka med same namn.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar