Å puste
Bra deltaking på seminar om etablering av konsertscener |
|
|
|
|
| tysdag 19. oktober 2010 21:13, Nils Rogn |
|
Komande fredag og laurdag arrangerer Austnorsk folkemusikksenter og Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet seminar om etablering og drift av konsertscener på Valdres folkemuseum. Det er så langt meldt på 67 deltakarar - musikarar og arrangørar – til seminaret. Bente Hemsing, som er dagleg leiar i austnorsk folkemusikksenter, er oppteken av at det trengst fleire velfungerande store og mindre scener. - For den gode og levande musikkopplevinga har konsertarrangøren eit stort ansvar. Me skal i seminaret leggje spesielt vekt på utfordringane konsertscener i Bygde-Noreg møter - frå idé til suksess, seier ho. Deltakarane på seminaret kjem frå Trøndelag, Hardanger, Østfold, Vestfold, Telemark, Hedmark og Oppland. Dette syner at det er stor interesse og eit stort behov for kompetanseheving og inspirasjon på området. Fredag kveld, klokka åtte, blir det open konsert for alle på Valdres Folkemuseum med Karl Seglem trio (saxofon, hardingfele, perkusjon). Skulle nokon i siste liten få lyst til å delta på seminaret, er siste frist for påmelding onsdag 20.10:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
/tlf. 971 52 445. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark