Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Fem kulturstigar fekk premie

Skriv ut E-post
Kulturarbeidarar: Frå venstre Katharina Sparstad, Vegard Rudiløkken, William Alexander Dalen, Kathrine Fjellheim Bakken, Nils Tørto, Per Ivar Stensæter, Else Turid Storsveen, Gudbjørg Fønhus Stensrud, Kari Halldis Brenden, Rigmor Brenden, Ola K. Grøndalen, Bergit Bruhallen, Knut Ivar Sundet (skjult) , Nils Lykken og Anne Marit Framnes. Foto: Nils Rogn


fredag 17. desember 2010 14:03, Nils Rogn

Torsdag fekk fem flinke stigryddarar premiering med diplom og GPS frå kulturminnekonsulent Katharina Sparstad i Valdres Natur- og Kulturpark. Høre skule, Nørre Beito grunneigarlag, Aurdal Historielag, Hedalen Bygdeutvalg og Fønhusgruppa var plukka ut blant 11 kulturstig- eller kulturminneryddarar.

Det var Kulturminneåret 2009 som fekk fart på stigryddinga.  Dette året inviterte VNK ved kulturminnekonsulent Katharina Sparstad skular, lag, organisasjonar og privatpersonar til ein dugnad med å skilte og rydde ein kulturstig eller eit kulturminne. Det meldte seg elleve deltakarar, som alle hadde gode tiltak og la ned ein stor innsats. Men med berre fem premiar, måtte det til ei vurdering av deltakarane. Her la VNK vekt på arbeidsinnsats og omfang.

Kaffe og kake

Ei god kake venta alle som kom. Foto: Nils Rogn
Ei god kulturminnekake venta alle som kom. Foto: Nils Rogn

Alle deltakarane var inviterte til premieringa, kaffe og kake. Utanom vinnarane møtte også Aurdal fjordcamping som har rydda Bjødnastigen opp til veståsen, Liaåsen og Liagrenda grunneigarlag som hadde rydda og skilta sykkelstigar i Liaåsen og Valdres Historielag som hadde restauret den gamle brygga ved Bygdin.

Riddarberget i Høre

Høre skule stilte med rektor Vegard Rudiløkken, og elevane William Alexander Dalen og Kathrine Fjellheim Bakken. Dei hadde laga ein kulturstig opp til Riddarberget. Våren 2009 og 2010 nytta dei

William Alexander Dalen og Kathrine Fjellheim Bakken representerte elevane ved Høre skule. Foto: Nils Rogn
William Alexander Dalen og Kathrine Fjellheim Bakken representerte elevane ved Høre skule. Foto: Nils Rogn

dagar i ei miljøveke til å rydde, kviste, sage og sette opp merke og klossar. Både små- og storskulen deltok. No i haust sette dei opp skilt og tavler. 7. klassa redigerte tekst og omsette til engelsk. Løypa på 6,5 kilometer, vart opna under Skulejoggen i haust.

Smørkøllvegen

Nils Tørto fortalde deretter om arbeidet med Smørkøllvegen frå Beito og opp til stølane. Sjølv om han hadde vore primus motor, hevda han at det stod kvinner bak. Inger, kona hans, hadde prata om dette i 40 år, og både Katharina Sparstad og Anne Strand Moen i VNK hadde støtta godt opp. Likeins Marit Kalberg i Øystre Slidre kommune. – Stigen knyter bygda og stølen med dei gode minne, saman.  Han var også fyrste turistvegen til fjells heilt tilbake til 1820-åra, fortalde Nils, som hadde laga ei brosjyre med historikk og namneforklaringar langs stigen.

Fønhusvegen

Per Ivar Stensæter frå Bagn bygdesamling, Else Turid Storsveen og Gudbjørg Fønhus Stensrud mottok diplom og premie for ein flott Fønhusveg. Foto: Nils Rogn
Per Ivar Stensæter frå Bagn bygdesamling, Else Turid Storsveen og Gudbjørg Fønhus Stensrud mottok diplom og premie for ein flott Fønhusveg. Dagleg leiar i VNK, Kjell Arne Berntsen deler ut. Foto: Nils Rogn

Fønhusvegen i Sør-Aurdal  vart opna av Kristin Krohn Devold no i haust, og Gudbjørg Fønhus Stensrud fortalde om stigen som far hennar, Mikkjel, hadde nytta mykje. 21 tavler er sett opp med dikt og sitat frå diktinga til Mikkjel Fønhus. Bagn bygdemuseum var med på laget i arbeidet med å få til stigen, og det hadde vore stor entusiasme og dugnadsinnsats. Under opninga fyrst i september møtte det fram minst 250, og stigen hadde vorte mykje brukt – mellom anna av skuleklassar.

Hedalsvegen

Hedalsvegen fortalde Rigmor Brenden om. Historikken her gjekk tilbake til 2002 og eit småsamfunnsprosjekt. Stigen vart ikkje fullført då, men Rigmor hadde fått med seg ei arbeidsgruppe som hadde jobba med å skrive tekstar for å dokumentere kva som var langs stigen. Kulturminneåret og puffen frå VNK, var det som skulle til for å fullføre dette, sa ho. Det var prest Kjell Ellefsen som i si kom med ideeen, fortalde ho vidare. Han nytta mykje stigen som går mellom Bautahaugen og Hedalen kyrkje. Ho kunne elles fortelje at Helselaget hadde sponsa med 15 benker som turgåarane kunne nytte under vandringa. Ei ungdomsgruppe hadde sett opp alle skilt.

Bufarstigar

Bufarstigane i Åbjør var siste prisvinnar. Fem ulike stigar frå bygda og opp til heimåsen og innover til stølane var no rydda og skilta. Med Engebret Åberg i spissen for ein stor dugnadsgjeng, hadde dei rydda ein stig i året. Det hadde vore mykje arbeid, attgroinga hadde kome langt og strekninga var på 7, 5 kilometer.

Utanom dei som møtte fram på prisutdelinga hadde Lomen barnehage (merka og rydda ei rydningsrøys), Røn Naturbarnehage (merka ei jettegrop) og Sør-Valdres Rotary (Brendulsvadet og ein ulykkestad) delteke i å få fram at gamle kulturminne.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar