Å puste
Ambisiøs helsesatsing i Valdres |
|
|
|
|
| tysdag 18. januar 2011 15:34, Nils Rogn |
|
- De er ambisiøse her i Valdres! De har målsetjing om å bli leiande i Norden innan behandling, rehabilitering og helseturisme. Dette er ganske djerve mål! Orda tilhøyrer fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud, og fall under den opne dagen som Valdres Næringshage arrangerte no måndag. Dagen var eit avspark (kick off) for Arena Helse i Valdres (HIVA), og meir enn sytti frammøtte fekk presentert eit mangfaldig program. Dansekunst til samtidsmusikkEtter litt mat og mingling – nok eit engelsk ord som me har teke til oss, og som skal bety ”å gå rundt og blande seg med folk i selskapelege samanheng” – fekk me eit møte med kunstnarane Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård. Dei framførte førestillinga ”Yr”, eit verk av komponisten Lasse Thoresen. Ragnhild var som alltid suveren med sin fiolin, og Hallgrim leika seg til tonane med spenstig og stilig dans. Dette var ingen taktfast tradisjonsdans med faste turar, og Hallgrim tolka musikken med sine rørsler innlagt fleire vendingar frå hallingdansen og tradisjonelle godkarstykkje. Tidlegare har dei vore både i Grieghallen og Operaen med førestillinga – og no altså i Valdres Næringshage! Næringsutvikling i helseStatsråd Rigmor Aasrud var imponert over helsesatsinga i Valdres. Lykke til og stå på, sa ho. Foto: Nils Rogn
Men attende til statsråd Aasrud. Ho var klar på at me treng innovasjon – fornying – innan helsesektoren. – Me blir stadig fleire eldre, me blir meir teknologisk utdanna og får med det større forventningar til nye løysingar også innan helsesektoren. Dessutan vil det bli stilt sterkare krav til kvalitet. Det betyr at å jobbe med kompetanse og kunnskapsutvikling vil vera heilt avgjerande både for dagens helsebedrifter og for dei som vil skape nye bedrifter, meinte Aasrud Mange arbeidsplassar- I dag er det slik at kvar sjette ungdom som går ut av skulen endar med ein helserelatert jobb. Om berre 25 år seier prognosane at kvar tredje elev kjem til å jobbe innafor helsevesenet, vel og merke om me ikkje endrar livsstilen vår grunnleggjande eller klarar å vera innovative, finne nye måtar å jobbe med helse på, sa Rigmor Aasrud vidare. Rehabilitering og førebyggingAasrud hadde elles fått med seg at rehabilitering var noko som Valdres hadde sett på dagsorden og ville jobbe aktivt med vidare. – De har også sett den nye trenden at fleire og fleire av oss, sjølve vil vera med å betale for å bli friske. Dessutan er det viktig å få fleire av dei ferdigbehandla pasientane ut av sjukehussengene og over i aktiv rehabilitering, helst nær der dei bur. Målet til samhandlingsreforma er elles førebygging framfor reparasjon, sa ho vidare. - Her i Valdres har de dessutan eit stort fortrinn med det samarbeidet de har mellom helse- og reiselivsbedriftene, meinte Aasrud. Mange samarbeidspartarTil slutt var ho inne bruk av IKT, omsorgsteknologi,telemedisin og InnoMed som viktige reiskap i framtida. Eivind Petershagen frå Innovasjon Norge orienterte om Arenaprogrammet. - Det er krevjande å bli eit Arenaprosjekt. Det krev samhandling og felles fokus, sa han. Ved nyttår var det 22 prosjekt i gang, med Helse i Valdres som det eine. Drivkrafta bak dette, Svein Pettersen, var ironisk nok blitt sjuk, men Arne Erik Fønhus gav ei god innføring i prosjektet. Ni av aktørane som deltek fekk deretter fem minutt kvar til å presentere seg. Desse var: Aktiviteket, Valdres Event (HelseEvent), Beitostølen Helsesportsenter, Tonsåsen Rehabilitering, Fekjær Psykiatriske Senter, Valdres Kompetansevekst as, Beitostølen Resort, Quality Hotel & Resort Fagernes og Høgskolen i Gjøvik. Alt i alt ein vellykka og allsidig dag i Valdres Næringshage, som vart serifisert som Miljøfyrtårn-bedrift av ordførar Helge Halvorsen. Meir om det her. (Klikk på bildet). |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark