Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Arbeidet med Fønhuskoia godt i gang

Skriv ut E-post
Byggekomitéen er på plass: Frå venstre Kjell Arne Berntsen (Valdres Natur- og Kulturpark), Marianne Aasen, Erik Lunde (sekretær), Torveig Dahl (ValdresMusea), Karsten Lien (nestleiar), Olaf Ødegaard (koiesjef), Kundan Rockstad (initiativtakar/Fønhusgruppen), Ole-Martin Høgfoss (leiar). Ikkje tilstade: Lene Moberg (Valdres Destinasjon og SVU Sør-Valdres Utvikling). Foto: Vibeke Tjøm


fredag 11. februar 2011 13:21, Nils Rogn

Etter tre-fire års arbeid er no arbeidet med “Fønhuskoia” ved Strøen i Vassfaret i ferd med å bli realisert. Grunneigarar i området har gjeve ei tomt som gåve til Ringerikes Turistforening, mot at foreininga byggjer ei hytte på tomta.

I
Ved Strøen. Foto: Ole-Martin Høgfoss

No er tomta valt, og den endelege avtala med grunneigarane er på plass. Tomta ligg i et sameige. Byggekomiteen ynskjer å nytte lokale byggetradisjonar og handverkarar. Det er difor inngått ei avtale med Hedda Hytter om at ei HEDDA-hytte skal byggast på tomta. Reinsgjetar Olaf Ødegård, som er busett på Søbekksetra i Hedalen, sit i byggekomiteen og har sagt ja til å vera den fyrste koiesjefen for Fønhuskoia.

Ringerikes Turistforening har stilt 300 000 kroner til rådvelde for byggekomiteen for vidare framdrift av prosjektet. Ein håpar på å få til ei tredeling på finansieringa - 1/3 frå Olav Thons Stiftelse, 1/3 frå Tippemidlar og 1/3 midlar frå Ringerikes Turistforening (irekna dugnadsarbeid). Forventa total byggekostnad på prosjektet er 2,4 millionar kroner. Siste helga i mai blir det dugnad for å rydde ein attgrodd traktorveg som går fram til tomta.

Ringerikes Turistforening og Byggekomitéen håpar Fønhuskoia kan stå ferdig til opning hausten 2012!

Les meir om Mikkjel Fønhus og Vassfaret!

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar