Med 2010 har kulturminneåret 2009 sjølv vorte eit kulturminne. Konkret har me i Valdres Natur- og Kulturpark valt å markere dette ved å gje ut alle dei 52 kulturminneartiklane som har vore presenterte her på portalen, i eit eige hefte.
Joledagen var ein kjedeleg dag, for då var det ikkje lov å ”gå burt”. Me laut fint halde oss heime, men smågutflokken møttest i skibakkane, for det var lov. Men andre joledag begynte moroa, for då kunne ein ”kle’ seg ut”. Det var det same som å gå jolebukk.
Juletradisjonar er det mange av; legging av rakfisk, lefsebaking, laging av sylteflesk, brygging av øl osv. Alle har ein ting felles, og det er at det er lagt ned mykje førebuingar, omtanke og arbeid ei god stund før jul. Når så jula kjem, tek me dette fram og har stor glede av det.
På nedre Bergo i Kambabygda budde det for lenge sia eit par husmannsfolk som heitte Olaug og Anders Bergene. Dei hadde ein barneflokk på seks. Av ein eller annan årsak vart familien kasta ut frå nedre Bergo, og hadde inga anna råd enn å flytte til setra Borghildsvern med barneflokken sin. Borghildsvern ligg vest for Høvren, om lag tre mil frå bygda.
Høveloftet er frå garden Uppigarde Høve (gnr. 45, bnr. 18) i Øystre Slidre kommune. Loftet er det eldste profane (ikkje-kyrkjeleg) bygget i Valdres, og vart sett opp på Valdres Folkemuseum i åra 1946–1947.
Da jeg kom til Valdres i 1975, tok det ikke lang tid før jeg etablerte meg i Aurdal. Igjennom samtaler og samvær med aurdalsbefolkningen fikk jeg informasjon om ”Aurdalsbyen” og dens fordums prakt og betydning.
På tampen av Kulturminneåret har valdres.no utfordra ordførarane til å skrive om sine kulturminne. Fyrst ut er ordførar i Øystre Slidre, Gro Lundby. Ho har ei fortid som samlar av glansbilde, noko ho slett ikkje er åleine om. Her er hennar kulturminne:
Store forandringer har skjedd i vårt levesett siden stølsdriften tok til i fjellet for flere hundre år siden. Av den grunn er ikke bygninger og kulturlandskapet som før i tiden.
Å lage ost av sur melk er sannsynlig den eldste måten å lage ost på. I Synnfjell-området og opp over i Valdres var det rike tradisjoner med å yste av sur melk. Mange av disse ostene har blitt historie.
Det hadde vore heller dårleg med brannvern i Vang. Men so gjekk Vang kommune saman med Valdres Brannkasse (Gjensidige) om å kjøpe ein bil. Det vart ein Willys Jeep som var rigga med stor vasstank og vassprøyte. Knut Dekko som var formann i Vang Brannkasse, var første brannsjef i Vang.
Øystre Slidre Historielag vart stifta i 1987. Ei av dei fyrste oppgåvene til laget var å sikre Dale Mølle for framtida. Her laut ein handle raskt så ikkje både hus og innbu gjekk i fossen og vart tapt for alltid.
Når jeg skal skrive om et kulturminne i Valdres er det selvsagt mye som kan trekkes fram, men for meg er valget lett: dørbeslagene av smijern på Hedalen stavkirke. Mange har snakket og skrevet om kirkene og utskjæringene, men beslagene blir helst oversett.
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes. Tlf. 61 35 94 50. E-post: redaksjonen@valdres.no. Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen. Webredaktør: Nils Rogn. Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Consulting.