Surt vêr
Vekas kulturminne (43) - Dale Mølle |
|
|
|
|
|
Øystre Slidre Historielag vart stifta i 1987. Ei av dei fyrste oppgåvene til laget var å sikre Dale Mølle for framtida. Her laut ein handle raskt så ikkje både hus og innbu gjekk i fossen og vart tapt for alltid.
Fyrstehjelp måtte til før det eigentlege restaureringsarbeidet kunne begynne. Sviller og laftestolpar vart bytta, det vesle kvilerommet vart sett opp att, det kom nytt golv i underetasjen, ny trapp og nye glas. Pipa og eldstaden for kornturka vart mura opp att, og den gamle vassrenna rekonstruert. DugnadsarbeidEtter ti år med mange dugnadstimar var mølla tilgjengeleg for publikum. Sidan er det stadig gjort vedlikehaldsarbeid og utført forbetringar. Kvart år vert mølla drifta så unge og eldre kan oppleve med alle sansar atmosfæren i ei bygdemølle. For her kan vi smake på korn og mjøl, vi kan sjå, høyre. lukte og føle. Ei anna tidVed slike hausttreff går tankane våre til dei som for 60 - 70 år sidan lesste kornsekkar på sleden for å reise til mølla. Det trongst kraftfor til buskapen og brødmjøl til folket. Hesten vart sela på og kom for sleden. Reisa tok til. Ved Dalsåne var skog og mark kvitrima av frostrøyken. Fossedur og larm frå vasshjul og kvernkall kunne vere skremmande for hesten. Men om leia ikkje var altfor isut og glatt, køyrde dei lasset ned. Det vert sagt at rekkverket er av nyare dato. Så vart hesten spent ifrå og leigd opp til vegen og bunde der. Høysekken kom fram og litt havre vart det vel og. Så bar bonden sekkene inn i mølla. Kornet kom i turkepanna og eimen av varmt korn spreidde seg i rommet. Tannhjul og drivreimer syrgde for at rørebladet gjekk rundt så kornet var i rørsle og fekk jamn turk. MøteplassNeste trinn var spissemaskinen som fjerna skal, og så kom kornet i den store trakta der det gradvis dryssa ned på kvernsteinane. Tomsekkar vart festa ved mjølrenna. Prosessen gjekk sin gang. Møllar og bonde kunne gå på kvilerommet ei lita stund. Om det var trekkfullt og kaldt i sjølve mølla, var kvilerommet varmt. Der kunne bonden ete nista si, og det blir sagt at mange tok ein tår av ei medbrakt flaske. Møllaren laut passe turka, mate kverna og ta unna mjølsekkar. Og når alt var male, var det møllaren som bar dei tunge sekkane opp trappa. Bonden hadde no snudd tomsleden utafor døra og kunne lesse opp for heimreise. Hesten laut motviljug ned til dette durande, ristande huset for å bli spent for sleden att og starte på heimvegen.Truleg gjekk dei fyrste kilometerane i tråv. Hesten ville ha varmen att i kroppen, og det var godt å kome vekk frå frostrøyk og leven. Mykje mjøl vart male i tida før jul. Mølla gjekk lange dagar, og ungane til møllaren gjekk med middagsmat til far sin. Det vert hugsa som ei kald oppleving. Men ved turkepanna kunne dei varme seg og om vottane var blaute og kalde, fekk dei nokre rundar på rørebladet. Gode minneNår det var som travlast, gjekk mølla heile døgnet. Då var det ein unggut som tok nattskiftet. Då kom ofte ungdomar i grenda på vitjing og heldt han med selskap i mørke nattetimar. Ein eldre kar hugsar at han som ung var seks turar på mølla i løpet av ein vinter. Det var ei kjærkomen avveksling med høve til prat og samvere med andre. Å sitje på toppen av lasset, høyre lyden av hestebjølla og ha hunden springande etter, vert hugsa som eit godt minne frå ungdomstida. Dale Mølle var i bruk til ca. 1960. Då var det stort sett slutt på korndyrking nord i kommunen. Det vert sagt at mjølet frå Dale Mølle hadde svært god kvalitet. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark