Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne (44) – Brannvern i Vang

Skriv ut E-post
I mangel på historiske bilde, presenterer me nokre foto frå området der Vang Brannvern starta opp. Her frå garasjane på Neset. Foto: Katharina Sparstad


Det hadde vore heller dårleg med brannvern i Vang. Men so gjekk Vang kommune saman med Valdres Brannkasse (Gjensidige) om å kjøpe ein bil. Det vart ein Willys Jeep som var rigga med stor vasstank og vassprøyte. Knut Dekko som var formann i Vang Brannkasse, var første brannsjef i Vang.


So var det spørsmål om plasseringa av bil og utstyr.  På Neset var det ei ledig garasje som Ola Åstad eigde, men ikkje brukte. Den var bygd mellom Samvirkelaget og Vang Ysteri. Denne fekk laget leigd. Mannskap var det ikkje vanskeleg å mønstre. Det var mange vaksne karar på ysteriet, samvirkelaget og Kollnes Snekkerverkstad. Alle var busett på Neset, og var dermed tilgjengelege både natt og dag.

Både brannbilgarasjen og Vang Ysteri står tomme no. Foto: Katharina Sparstad
Tomt: Både brannbilgarasjen og Vang Ysteri står tomme no. Foto: Katharina Sparstad

Jau, so kom dagen då bilen kom, og folket møtte opp og glana på den vakre, skinande bilen. Allereie same ettermiddagen måtte den prøvast. Ove Wangensteen hadde førarkort, og han vart utnemnd til sjåfør. Vi stilte opp mannskapet: brannsjef Knut Dekko, sjåfør Ove Wangensteen, maskinsjef Hans Blystad, mannskap Lars Nyland, Jon Åsen, Syver Stølen, Magnus Eidsvoll og Jon Wangensteen.

Sjølvlæring

Då oppstillinga var i orden bar det over Hemsing bru, og slangen vart dregen ut og lagt i fjorden for å få prøvd at alt virka som det skulle. Det var full klaff med det same, og alle fekk prøve korleis det var å halde spruteslangen, og prøve korleis trykk og stråle virka. Hans Blystad som var maskinist på ysteriet peikte seg fort ut som sjef for maskineriet, og vi andre lærde etter kvart å meistre dei ymse tinga som måtte gjerast i ymse situasjonar. Organisert opplæring i brannslokking fekk vi aldri. Vi måtte få med oss det som var viktig i verkelege situasjonar, og lære av det.

Nystuen brenn!

Den første verkelege og mest vellukka brannsløkkinga, var då Nystuen Hotell på Filefjell brann. Vi vart varsla først på kvelden, og kom fort avstad til Filefjell. Dato 08. februar 1958. Mannskapet var Hans Blystad, Lars Nyland, Jon Wangensteen, Ove Wangensteen, Magnus Eidsvoll og Knut Dekko. Det var lite snø, so vi kunne kjøre bilen nordom uthuset og heilt ned til fjorden, som heldigvis var nesten open ved land. Slangen vart rulla ut, hotellet og to andre hus sto i fullt fyr. Vinden sto frå vest, men var ikkje særleg sterk. Brannpumpa virka, og vatnet kom i slangen. Vi kom i posisjon, og byrja legge vatn på hotellet, men varmen var sterk so det var uråd å kome nære nok. Etter kvart tok det fyr i fleire hus, mens vi fortvila prøvde å slokke. Varmen var so sterk at det var fare for uthuset som sto ganske langt frå hotellet.

Hemsing bru har blitt breidda ein god del sidan den gongen skulebussen tok inni på båe sider. Foto: Katharina Sparstad
Nyttig bru: Hemsing bru har blitt breidda ein god del sidan den gongen skulebussen tok inni på båe sider. Foto: Katharina Sparstad

Eg, Magnus, hadde kvil (5 min.) i gangen på uthuset. Med eg sto der og tok meg ein røyk (som slett ikkje smakte godt), såg eg at det tok til å ryke frå vindaugskarmen. Strålevarmen frå brannen var så sterk mot glasruta at treverket innafor tok fyr. Eg kom meg ut og fekk vatn i eit sinkspann og fekk dermed avkjølt glaskarmen. Komen ut att, fekk eg tak i slangen og sette full sprut på veggen av uthuset. Etter dette måtte vi berre rette all vår merksemd mot dette uthuset. Han som budde i andre etasje kom ut, og var forundra på at vi retta vass-strålen mot veggen og vindauget hans. Diverre rota han seg framom vasstrålen, og fekk denne i hovudet. Men eg vonar det gjekk over etter ei tid. Men vondt var det nok særleg for auga.

Då det lei mot morgon, var alle hus utanom uthuset nedbrent. Berre etterslokking og opprydding sto att, då eg måtte ta første buss og kome meg på arbeid i ysteriet. Komen på Neset ringde eg til NRK om nyheita, og den kom i nyheitene kl. l 0.00.

Kraftig brannsirene

Det vart mange turar med uøvd mannskap. Eg vil ta med nokre av dei eg hugsar best. Vi hadde ei kraftig sirene plassert på taket av Kollnes Snikkarverkstad. Den var kraftig så dei fleste av oss vakna av den. Klokka eitt ei natt i november var det full alarm i sirena, og alle møtte opp ganske fort og beskjeden var brann i Øvre Dalen. Mens vi heldt på å organisere oss, kom postopnar Jon Nertrost i fullt sprang. - Kva er tiss, kva er tiss? Jau vi fortalte han det. Men han var snøgg å kome seg i hus att for han kom berre i underbuksa i det kalde veret. Han Jon var oppskremt av den spreke sirena så det var ikkje rart om han fekk det travelt med å undersøke kva det var.

Så lesste vi opp brannbilen og ein personbil. Ove Wangensteen køyrde brannbilen med Hans Blystad som mannskap. Deretter følgde Jon Wangensteen med personbil og Jon Åsen, Syver Stølen og Magnus Eidsvoll. Komen fram til øvre Dalen var det på Svien hos Havro det var røyk frå ein vegg bak peisen. Det var heldigvis ikkje kome lenger enn til ei kraftig glo. Det var berre å gå i gang med bortriving av treverk så vi kunne kome i gang med slokking.

Dette gikk veldig fint så det var ikkje bruk for alle mannskapa inne. Difor vart nokre av oss gåande ute i den kalde lufta og vente til dei andre var ferdig med sløkkinga. Mens vi gjekk slik, klaga Syver Stølen at han var så frosen på ein fot. Vi ansa det ikkje så mykje, men då han tok det oppatt fleire gonger, lurte Jon Åsen på om han hadde hoser på begge føtene. Syver tok då av seg først den eine støvelen - der var det inga hose, men då han tok av seg andre støvelen var  der to hoser. Slik er det når panikken kjem ved ei kraftig sirene. Oppskremt vart vi kvar gong sirena sette i med hylinga si.

Verhardt i Vang

Ei natt vi vart vekt var straumen borte, det var den ofte den gongen når det bles, og bles gjorde det. Medan eg (Magnus) kledde på meg, gjekk Anne Marie opp trappa til tredje etasje i ysteriet for å varsle Jon Åsen som budde der. Då det var stupande mørkt og ho skulle famle seg ned trappa att snubla ho og stuva ein fot. Men verst var det med ei hand som var mest av. Ho hadde vondt for å bruke den i fleire veker etterpå.

Vi stilte med fire mann, alle i brannbilen. Vi sette kursen over Hemsing bru, for beskjeden var "PIPEBRANN I KONGSLIEN” hos Ola Kongslien. Stormen piska opp snøen frå bakken i tillegg til tett snøvêr, slik at vegleia vart borte for oss i verste kavane. Vi såg lysa frå brøytebilen som Basse var i full sving med av og til. Men han hadde nok store vanskar med sikta han også. Ved kyrkja på Heensåsen venta han på oss. Vi avtalte at vi skulle følgje tett etter han, og endepunktet var Kongslien fekk vi fortalt han.

Neset mede til høgre. Hugakollen vaktar over Nørsvinsfjorden. Foto: Katharina Sparstad
Oversikt: Neset nede til høgre. Hugakollen vaktar over Nørsvinsfjorden. Foto: Katharina Sparstad

Men vi var ikkje komne lenger enn til Åsvang Skule, før vi sto bom fast i ein snøskavl. Basse vart fort klar over at vi ikkje var i hælane på han, så han snudde i Gjevreskrysset og kom fykande attende. I full fart vart kjetting festa, og så var vi på vegen att. Vi hadde vore berre to meter unna å reise ut i bekken ved Åsvang.

No bar det i vegen att, og vi kom oss til svingen ved Dal, der sto vi i snøkanten att BOM FAST. Basse med brøytebilen var atter redninga vår. No kom vi oss til Lien før vi sto fast att. Snøfokket sto som ein vegg, så vi våga oss ikkje ut av bilen. Trongt var det med fire vaksne karar i den tronge førarhytta. Men Basse kom atter ein gong attende og fekk oss laus. - No får eg vel slepe dykk til Kongslien om de skal kome dit mens det brenn? Men no kom vi oss endeleg til Kongslien med eiga hjelp.

I Kongslien sto eldmørja frå pipa i ring rundt gardsplassen og mot stabbur og låve. Eg (Magnus) fekk "æra" av å klatre opp på taket med slokkeslangen. Det var ingen som hadde lært oss at det ikkje skulle brukast vatn i piper ved pipebrann. Eg fekk huka meg fast i pipa med ei hand, og følte nesten at eg hang som eit flagg der i stormen. Men slangen hadde eg godt tak i, og pøsa på med vatn til skriken kom nedanfrå at det fossa utover golvet. Men då var alt sløkt og pipa kløyvd i to.

Skogstad brenn

Ein vinterkveld med fint ver og passe mykje snø, kom det varsel om brann i Skogstad Hotell. Ove Wangensteen rygga brannbilen ut av garasjen, og eg (Magnus) hoppa inn i og skulle vere hjelpemann. – Ja, no er moroa i gang att, sa Ove og ga full gass og bil-sirena på full guffe opp gjennom Vang. Komne til Skogstad såg vi hotellet i full fyr. Resten av mannskapet vårt var rett i hælane på oss, og dei svinga også ned til Skogstad gard og stoppa der. Der sto Andris Skogstad og tok mot oss. Spørsmålet no var å få plassert bilen på ein stad med nok vatn til pumpa vår. Vi hadde ikkje vatn på bilen denne gongen.

- Det er meir enn nok vatn i elva og lett er det å kome dit. Det er berre 30 cm snø på bakken, og den er jamn og fin til bilkøyring, sa Andris. – Eg skal springe framfor bilen og vise veg, kjør tett etter meg. Han sprang av stad, og vi følgde tett etter han nedover marka. Snøen hefta oss ikkje så det gjekk i springfart nedover bakken med Andris rett framfor bilen. Det såg fint ut, og Ove og eg snakka om utlegg av slangar og avstanden frå elva til hotellet. Men brått gjorde Andris eit kjempehopp over ei brei grøft som gikk tvers over jordet. Kanskje meinte Andris at bilen kunne hoppe etter han?

Det vart slik at Skogstad Hotell brann ned i fred for oss, og Ryfoss Brannvern kom og ettersløkte glohaugen. Neste brann var i Igdun, men då var brannbilen i ustand, så der kom vi ikkje. Det var forresten slutt på stasjonering av bilen på Neset, og vi var glade til, for det var tungt for oss i fullt arbeid å måtte ut til alle tider i allslags ver.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar