Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne (47) - Glansbilete

Skriv ut E-post


På tampen av Kulturminneåret har valdres.no utfordra ordførarane til å skrive om sine kulturminne. Fyrst ut er ordførar i Øystre Slidre, Gro Lundby. Ho har ei fortid som samlar av glansbilde, noko ho slett ikkje er åleine om. Her er hennar kulturminne:

Det kulturminnet eg vil skrive om, er ikkje spesielt frå Valdres, men ein aktivitet i min eigen barndom. Den kan kallast kulturminne fordi den representerer noko ungar nytta fritida til før - for 50 år sidan. Før tv, før Nintendo, før i-pod og før mobil og sms.

Religiøse motiv: Mange glansbilde har religiøse motiv. Dette er det kunstnaren Harald Damsleth som har teikna.
Religiøse motiv: Kunstnaren Harald Damsleth teikna mange flotte glansbilete, ofte med religiøse motiv.

Skattekiste

Langt nede i ein skuff ser eg han. Den gamle eska med raud farge og gullskrift. Gullbokstavane er oppheva og kan kjennast også av ein blind, tenkjer eg. Men dei er slitte, slik også hjørna på eska er slitte, og litt trykt inn. Ein gamal Kong Håkon konfekteske. Slik blir ein godt brukt gjenstand etter 50 år. Mange barnehender har handtert han kvar dag i mange år, i tillegg har eska vore med på flyttelass frå Porsgrunn til Kristiansand, Elverum, Alta og Valdres. Ei lang reise.

Byting av bilete

Inni eska ligg det som for meg den gongen var skattar. Nokre av dei hadde eg fått eller sjølv kjøpt, skjønt dei nykjøpte var det minst stas med. Dei det verkeleg var stas med, var dei eg hadde bytt til meg frå heilt andre kantar av landet, frå ungar eg ikkje kjente ordentleg, men var heldig å kome over. Eg snakkar om glansbilete. Eg sorterte etter tema, storleik, verdi. Dei eg berre hadde eitt av, som var eldst og sjeldnast, hadde størst verdi. Heilt motsett av dei verdiane ungar i dag omgir seg med. Er det nokon verdi i ein gamal mobiltelefon?

Verdifulle bilete - og minne

 

Gode minne med glansbilete.
Gode minne med glansbilete.
Nokre av bileta har glitter. Eg likte å samle på englar (har Martha Louise slike glansbilete, tru?). Om eg hadde seriar av vakre englar, kunne eg legge dei utover, nyte kor vakre dei var og deretter legge dei forsiktig tilbake i eska med mellomleggspapir i silke, slik at eg heldt dei frå kvarandre. Nokre store dagar fekk eg invitere venninnene mine på rommet for å byte. Nokre glansbilete var uaktuelle å nokon gong byte bort. Dei var for verdifulle for meg. Men nokon vart byta bort med andre, spennande bilete som hadde si eiga historie, som kanskje kom heilt frå Molde frå ei kusine av venninna mi.

Dette er enkle minne og enkle aktivitetar. Men det ga meg opplevingar av estetikk, gleda av å samle på noko vakkert, sosiale opplevingar og kompetanse i forhandlingar. Og det ga meg ei ro. Når glansbileta vart spreidde ut over stuegolvet, var det ikkje noko som hasta. Det var berre å ligge på golvet og nyte i ro og mak. Noko som er mangelvare i dag?

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar