Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne (49) - Høveloftet

Skriv ut E-post


Høveloftet er frå garden Uppigarde Høve (gnr. 45, bnr. 18) i Øystre Slidre kommune. Loftet er det eldste profane (ikkje-kyrkjeleg) bygget i Valdres, og vart sett opp på Valdres Folkemuseum i åra 1946–1947. 

Høveloftet er ei tømra kjerne i to høgder. Rommet i underhøgda er heilt. Overhøgda er avdelt med ein tømmervegg, og dannar eit smalt rom på eine langveggen. Dette rommet blir kalla ”jomfruburet” til skilnad frå det største rommet, ”løftet”, og det er ikkje dør mellom dei. Tradisjonen vil ha det til at dette var soverom for jentene på garden om sumaren, og det blir fortalt at bonden på garden passa på å fjerne stigen til rommet om kvelden – for å vera sikker på at ubedne gutar ikkje tok seg inn der.      

Høveloftet kom til Valdres Folkemuseum i 1946-1947. Foto: Ole Aastad Bråten
Høveloftet kom til Valdres Folkemuseum i 1946-1947.
Slik var det neppe. Inngangen til ”jomfruburet” er derimot gjennom ei dør på ytterveggen. Loftet har truleg hatt sval på tre av sidene i andre høgda, og på langsidene viser i novendane at her har det vore novarmar. I fronten er ein ny svalgang boren av stolpar til bakken.  

Frå før 1350


Høveloftet har runde stokkar, runde novhovud og findalshogg (novhogg med novhalsen i nedre halvdelen av stokktverrsnittet) i begge høgdene. Loftet er i fylgje Arne Berg, ekspert på hus frå mellomalderen i Noreg, frå tida før 1350. Det er inga profilering på veggstokkane, men utforminga kring dørene er rik og variert. I første høgda er det rette, breie plankebeitskier med reistar etter profilering langs kantane. På veggstokkane mot døra er kinningane markerte med vakre profilliner. Dette var vanleg dekorasjon på bygningar i mellomalderen. Over døra er stokken forma som ein bjelke med svake spor etter ein boge.

Påverknad utanfrå


I andre høgda har beitskiene pilaster-motiv, granne halvsøyler, men basar og kapitél. Venstre beitskia har tvinna søyleskaft, den høgre er glatt. Over døra er stokken (arkivolt) forma som ein fin boge, alt laga i eitt trestykke. Attmed døra er endane på veggstokkane utforma om lag som i første høgda med profilerte kinningar. Søyler, bogar, basar og kapitelar i Høveloftet fortel oss korleis den estetiske inspirasjonspila også tidlegare har peika mot heilt andre himmelstrok enn våre eigne, og at det er ein slektskap mellom byggjeskikk i Noreg og byggjeskikk i andre deler av verda. I dette tilfellet syner detaljane rundt dører og gluggar at det er eit slektskap mellom Høveloftet og den europeiske, romanske steinarkitekturen.                     

Skifetak i nyare tid


Inngangsdøra i andre høgda.
Inngangsdøra i andre høgda.
Loftet fekk skifertak ein gong i nyare tid. Skiferstein som taktekking vart vanleg i Valdres frå midten av 1700-talet. Truleg har det vore torvtak i eldre tid. Det er ingen glas i Høveloftet. I gavlen motsett døra, er det derimot ein glugg med vakre bogar. Desse er kopla saman med småsøyler. På framsida er det òg ein glugg som ein enkelt stengjer med ein trekloss.

"Syllaterrummet"


Det var vanleg med eit større lagerrom for klede på ein gard. Om det vesle rommet i andre høgda seier folkelivsgranskaren og museumsmannen Knut Hermundstad (1888–1976) at det vart nytta til oppbevaring av soldatuniformer og andre militære saker for soldatar i søre delen av Øystre Slidre. Rommet vart også kalla ”syllaterrummet”. I det store rommet i andre høgda har det vore meir veggfast innreiing, truleg var det her veggfaste senger ved begge langveggane.
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar