Surt vêr
Vekas kulturminne (50) - Tragedien ved Brendulsvadet |
|
|
|
|
|
På nedre Bergo i Kambabygda budde det for lenge sia eit par husmannsfolk som heitte Olaug og Anders Bergene. Dei hadde ein barneflokk på seks. Av ein eller annan årsak vart familien kasta ut frå nedre Bergo, og hadde inga anna råd enn å flytte til setra Borghildsvern med barneflokken sin. Borghildsvern ligg vest for Høvren, om lag tre mil frå bygda.
Det har vori nemnt at Anders var veikhelsa, kan hende var det grunnen til at han ikkje greidde pliktene sine på Bergo. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kor vondt og vanskeleg livet måtte vera for så mange menneske i ei lita og kald seterbu vinterstid. Helst var det vel smått med både mat og klede óg. Ein januardag i 1869 måtte Anders gå den lange vegen til bygda etter mat. Om han hadde ski, veit vi ikkje, men ei tung tur i snøhaugen må det ha vori. På heimvegen rauk det opp til fælt uver. Så hende det verst tenkjelege, Anders greidde ikkje ta seg attende til Borghildsvern med matbøra si. Her ved Brendulvadet fraus han i hel i stormen. Dei fann han sitjande ved ein furulegg. Korleis Anders hadde det då han skjønte at dette kom til å gå gale, kan vi vel neppe ane. Likeins korleis det var for familien på Borghildsvern då far ikkje kom att, og dei ikkje visste kva som var hendt. Vi veit ingenting om kor lang tid det tok før Anders vart funnen her ved furua. I kyrkjeboka for Bagn er dødsdatoen sett til 17. januar 1869 for ” Husmand Anders Knutsen 54 år.” Han vart ikkje gravlagd før 17. mars, noko som tyder på at det tok si tid. Sokneprest Sommerfeldt har skrivi ein merknad i kyrkjeboka. Den er litt vanskeleg å tyde, men vi meiner det står: - Frøs ihjæl på Fjeldet under en Vading (eller er det Vandring?) fra Sætren Borgilsværn hvor han og Familie havde taget sine Tilhold og til Bygden, hvor han skulle hente Levnetsmidler. Olaug og borna kunne ikkje lenger greie seg på Borghildsvern. Olaug flytta heim til foreldra på Finnhert, saman med nokre av borna. Dei andre vart ”sette bort”. Vi veit i alle fall at Knut kom til Karlsgot og Anton til nordre Dølveseter. Blant seterfolket ved Hølervatnet vart det seinare tala om ”Berga-ver” når vinden kom frå sør-vest. Det var frå den kanten uveret kom den ulukkelege januardagen i 1869. Eit minne om Anders Bergene det og. Det høyrer med til soga at Ole, som var 14 år då faren omkom, utvandra til USA åtte år seinare. Etter han hadde komi seg opp med farming, sende han billettar heim til mora og systrene for å gjeva dei eit betre liv. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark