Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne (51) - Juleband

Skriv ut E-post
Juleband, dompap, kyrkje og hesteskyss - god gamaldags jul på gamalt postkort.


Juletradisjonar er det mange av; legging av rakfisk, lefsebaking, laging av sylteflesk, brygging av  øl osv. Alle har ein ting felles, og det er at det er lagt ned mykje førebuingar, omtanke og arbeid ei god stund før jul. Når så jula kjem, tek me dette  fram og har stor glede av det. 

Harald knekker og vrir bendilen. Foto: Inger Kongslien Tveit
Harald knekker og vrir bendilen. Foto: Inger Kongslien Tveit
Ein tradisjon me har  i Tveit er at når klokka er tre juleeftan, så har svigerfar Harald opp julebandet. Dette er ikkje eit juleband me har kjøpt, men produsert sjølve. Om våren sår me, og om hausten er det Harald som haustar. Og når då juleeftan  kjem og Harald set opp ”julebandstønge”, er det ekstra høgtid over akkurat det når julebandet heng der.

I haust var eg borti åkeren hjå Harald og fekk take nokre bilder når han gjorde denne jobben. Dette er faktisk ingen enkel prosess!! Reiskapen er berre ei skjøro. Harald skar til strå for bendilen. Her brukte han dei lengste stråe. Dette er det han har rundt bandet. Bendilen gav han ein knekk/vri og la den  dobbel, og så delte han den oppatt før han la han på bakken. Så skar han til for sjølve bandet. Til det trengs det meir, og dette la han så oppå bendilen. Når han hadde skøre slik ” passe mykji” og lagt oppå bendilen, så tok han bendilen og ”knytte” den rundt bandet. Det er visse knekka og vria som ser utruleg lette ut, men berre prøv..., det er ikkje lett å få til akkurat den vrien og den knekken!!

Kornbandet klart til binding. Foto: Inger Kongslien Tveit
Kornbandet klart til "knyting". Foto: Inger Kongslien Tveit
Harald laga til mange band og la dei etter seg. Når han såg at han hadde passe mange, så sette han ned  ein rjåstaur, og førde opp banda på den. (Denna rjåstauren lyt sjølvsagt stå grepa støtt, då det blir tungt det som skal førast opp på den).  Så hekta han banda fast med den lengste enden på bendilen, rjåbendilen, på rjåstauren. To og to band hang han opp ilag og det vart 14 band på ein rjåstaur + eit på toppen, hattebandet som skulle fungere som ly for regnet.. Her skulle bandet henge med  kornet mot sola til det var turt.

Så var det berre å passe på å  få banda i hus når dei  vart turre. Men det er ikkje gjort med det skal de tru. No er det mus og fugl ein lyt passe på, og det har nok eit og anna år vore både fugle- og museete band. Banda me har i år ser fortsatt fine ut, og me lurer no på om me skal legge dei i ein storsekk og heise denne oppunder taket på låven.

Det varierar litt frå år til år med kor mange juleband me har. Men i år har me ganske mange og fine havreband. Junior Håvard har planer om sal ved klubbhuset på Tveit dagane før jul. Han synest det er fin ordning å ha far og bestefar til grovarbeidet, og så tek han finarbeidet til slutt! Men som me sa i haust, så kan det vera lurt å lære dette av bestefar sin. Ikkje berre til nytte for seinare år, men gode minner også...
Kornbandet klart til å settast på rjåstaur. Foto: Inger Kongslien Tveit
Kornbandet klart til å settast på rjåstaur. Foto: Inger Kongslien Tveit
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar