Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne (52) - moro å vera fire år, og vel så det, i romjul’n

Skriv ut E-post


Joledagen var ein kjedeleg dag, for då var det ikkje lov å ”gå burt”. Me laut fint halde oss heime, men smågutflokken møttest i skibakkane, for det var lov. Men andre joledag begynte moroa, for då kunne ein ”kle’ seg ut”. Det var det same som å gå jolebukk.

Det var nok eit strev for mor som skulle finne fram gamle klesplagg som ingen kunne kjenne att. Det var eit svare strev å få pakka inn alle, kanskje med puter både på mage og bakende. Framfor ansiktet hadde me eit gjennomsiktig plagg. Jolemasker hadde me ikkje. Eit plagg var meir praktisk dersom me fekk øl og bakils, for då kunne me berre smyge trakteringa innom plagget.Så var det å øve seg på å prate på innpust slik at stemma vart ukjenneleg.


Syskena mine og eg var så heldige at me budde nedst i bygden, for når me då hadde gått bygda til topps og var passe slitne, kunne me setja oss på kjelken og aka heimatt. Og råkte det til å vera måneskin i jolehelgen, var det heilt topp. Var me og så heldige å møte på ein jenteflokk som og gjekk utkledning, kunne det til og med bli litt sverming i all uskyldigheit i måneskinet.


Eg trur ikkje me var like velkomne over alt. Når me var inne hjå eit gamalt ektepar, meinte me å registrere at frua var noko stram i maska. Men det fekk ikkje hjelpe. Når me kom inn til han Normann og gamle Sigrid, måtte me passe oss dersom me hadde klabbar under skorne, for i det gamle huset halla golvet slik at ein kunne ramle på ryggen.


Ein gong fann broder’n, eg og kamerat Knut på at me skulle gå Liagardane ”på langs” frå ende til ende, for der ville dei sikkert ikkje kjenne oss. Det vart ein slitsam tur. Det var mange gardar me måtte innom, og ikkje så godt som ein ølskvett eller ei strylle fekk me på heile turen. Så me lovde oss sjølve på heimturen at heretter skulle liagardingane få greie seg utan vår jolebukkinnsats. Det var heller ikkje kjelkeføre den kvelden, så me slava og gjekk nedover hensgardane langt uti kveldsetun. Eit lyspunkt var at me visste mor hadde nybaka brød, og ferskt brød med sirup på, ja, det var noko å gleda seg til.

Noko me såg fram til, var joletrefesten på Åsvang. Siste skuledagen før jol måtte alle ha med seg noko som kunne lesast som underhaldning ved joletreet. Når programmet var presentert, sa’n Bøye skulemeister: ”Ja, ja, det får vøl gå an”. Alle måtte lesa, for foreldra ville ikkje ha den skamma at poden ikkje greidde lesa ved joletreet. Så var det å finne seg eit dikt, då, eller eit høveleg kort stykke i eit jolehefte, slik at ein kunne sleppe rimeleg lettvindt frå det. På festen var det å stime fram til treet etter tur og lire av seg produktet, ofte i rasande fart, for å få det fort overstått. Me kunne det nesten utanåt. Og så måtte me hugse på å bukke og neie når folk klappa.


Bøye sto for heile festen og måtte halde ein slags festtale, men det vart som regel å lesa ein ”jolebetraktning” eller ei anna høveleg joleforteljing. Foreldra hadde med smørebrød, og så vart det servert ”sukkelade” åt ungo og kaffe åt dei vaksne. Å gå rundt joletreet var berre så passeleg morosamt, men ingen prøvde  på å lure seg unna, for han Bøye hadde sagt at alle skulle vera med. Og hadde me prøvt oss hadde me sikkert fått skjenn når me kom heimatt. ”Sli’ skam, då gut!”


Tjuenddag jol var det heile over. Joletreet laut ut og jolehandkleet pakkast ned med møllkuler til neste jol. I gamle dagar slo dei brennevin på varmen i peisé den dagen. Dei ”skjenkte varma” for at han skulle vera nådig og ikkje gjera skade i det komande året.


 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar