Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Vekas kulturminne 2009 - som hefte

Skriv ut E-post
Vekas kulturminne 2009 er no samla i eit eige hefte.


Med 2010 har kulturminneåret 2009 sjølv vorte eit kulturminne. Konkret har me i Valdres Natur- og Kulturpark valt å markere dette ved å gje ut alle dei 52 kulturminneartiklane som har vore presenterte her på portalen, i eit eige hefte.

Heftet vil vera gratis og kan etter kvart skaffast på alle kommunehus eller ved å Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa . Heftet inneheld også dei tolv artiklane som Valdresmusea har hatt som "Månadens kulturminne" i avisa Valdres. Du kan laste ned heftet her. (3 Mb)

Kulturminneåret 2009 har hatt markeringar og tiltak over heile landet. Den nasjonale satsinga har vore organisert gjennom Norsk Kulturvernforbund som også har koordinert fordeling av midlar til tiltaka. Finansiering av tiltaka har gått gjennom Norsk kulturråd, Norsk Kulturvernforbund og Fylkeskommunane i eit spleiselag mellom kommunar, lag og foreiningar.


I Valdres har me organisert tiltaka mellom Valdresmusea, kommunar og Valdres Natur– og Kulturpark. Åtte skular legg til rette kulturstiger i nærområda. Og historielag og foreiningar har lagt til rette  stigar i Hedalen, Begnadalen, Åbjør og Beito.  Enkelte stølslag har også fått skilt til stigar i stølsområda. Etnedal kommune har i samband med kulturminneåret også hatt eigne arrangement knytt til Lundebrue i samarbeid med Valdres Natur– og Kulturpark og Statens Vegvesen.


Valdresmusea har i 2009 hatt ei samarbeid med 8. klassane i Valdres om eit ”IKON-prosjekt” der ungdomane skal biletleggjera sitt Valdresikon. Ti av desse er trekte ut til ei eige utstilling på Valdresmusea. Kulturminneåret 2009 har vore breitt forankra og skapt bra engasjement mange stader. Sjølv om kulturminneåret er over for denne gongen, håpar me at engasjementet held fram.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar