|
I sitt arbeid har Valdres Natur- og Kulturpark god kontakt med følgjande regionale organ:
- Valdres Næringshage - som er etablert som ein av landets største næringshagar.
- Valdres Næringsforum BA - som har over 100 medlemmer.
- Regional landbruksrådgjevar er underlagt Fylkesmannens landbruksavdeling og samarbeider med øvrige regionale organ innan landbruksrelatert næringsutvikling og ivaretek sekretariatsfunksjonen for det interkommunale BU-styret og miljø- og vassdragsutvalet.
- OPUS Valdres er eit fylkeskommunalt ressurssenter som er lokalisert på Valdres vidaregåande skule. OPUS arbeider med desentralisert høgskoleutdanning i Valdres, og kurs- og vidareutdanningstilbod til næringslivet og andre.
- Valdres Destinasjon AS er stifta av dei lokale destinasjonsselskapa, og er reiselivets samarbeidsorgan på regionnivå. Valdres Hytteutleie A/S er eit dotterselskap under Valdres Destinasjon AS.
- Valdresmusea AS er eigd av valdreskommunane. Forutan ordinær museumsdrift, er Valdres folkemuseum eit regionalt knutepunkt med høg kompetanse på tradisjon og kultur i Valdres.
- Valdres vidaregåande skule (VVS) Skulen er ein av 15 vidaregåande skular i Oppland. Oppland fylkeskommune eig skulen. Målsetjinga er å førebu ungdom for yrke og samfunn og å hjelpe dei i personleg utvikling.
Administrativt blir det halde kvartalsvise samordningsmøte mellom Valdres Natur- og Kulturpark og dei regionale organa nemnt ovanfor.
Andre regionale og interregionale organ:
|