Betre
Avtaleverk og program |
|
|
|
|
Avtaler og program i Valdres Natur- og Kulturpark
Kort presentasjon av hovudtrekka frå avtalaValdres går saman om Norges fyrste regionale natur- og kulturpark for å styrke arbeidsplassar og busetjing, og for å legge til rette for ”det gode liv i Valdres”. Målet er å profilere Valdres langsiktig som ein offensiv region. Vi skal bygge på eit næringsliv med mange lokalpatriotar og med ei tru på framtida. Vi har Nord-Europas mest aktive stølsområde, verdifulle stavkyrkjer og Norges lengste tradisjon for regionalt reiselivssamarbeid. Lokalsamfunna i Valdres har lange tradisjonar for, og god tru på at vi også i framtida kan forvalte våre verdiar knytte til natur og kultur til beste for komande generasjonar. Mulegheitene for Valdres er knytt til
Utfordringa er knytt til
Utfordringane har vi felles med svært mange andre fjellregionar i Norge. Valdres har organisert seg i Valdres Natur- og Kulturpark slik at vi i eit fellesskap mellom politikk og næringsliv kan gjera dei nødvendige prioriteringar, og slik utnytte dei potensiale som ligg her. Ei tiårig avtaleAvtalen mellom dei seks kommunane i Valdres er ein tiårig plan for lokalsamfunnsutvikling i Valdres. Her er eit klart mål om å kunne tilby dei ulike marknader produkt og opplevingar knytt til lokal natur og kultur på slik måte at det blir opplevd som ein verdifull tilleggsverdi. VisjonValdres skal bli den sterkaste merkevara i landet. InnsatsområdeAvtalen fokuserer fylgjande innsatsmråde og verkemiddel/reiskapar:
Verkemiddel/reiskapar:
Regional merkevarebyggingRegional merkevarebygging krev målretta innsats over lang tid. Vi vil vera avhengig av ei god oppsluting frå heile valdressamfunnet. Det vil ha stor verknad at Valdres blir gjeve auka lokal forvalting av dei verkemiddel som kan bygge opp under merkevara Valdres. Merkevarenamn og slagordEtter ein omfattande prosess med mange involverte, er det klart at merkevara er ”Valdres” og slagordet er ”Valdres skjerper sansane”. Vi har arbeidd fram eit stort designprogram som vi ynskjer at flest mogleg i Valdres vel å ta i bruk. Designprogrammet vil du finne her: www.valdresdesign.no Den generelle logoen vil kunne nyttast av dei fleste i Valdres, etter ein kontakt til VNK. Ta berre kontakt med oss og avklare behovet før du tek denne i bruk. Logoen Valdreskvalitet vil kunne nyttast av medlemmer i godkjend merkeorganisasjon som er knytt til Valdres Natur- og Kulturpark. Det er denne logoen som klart skal markere produkt og opplevingar med tilleggsverdi for forbrukaren, knytt til vår særeigne natur og kultur. Valdres skjerper sansaneSlagordet speglar det rike mangfaldet av sterke sanseopplevingar Valdres kan by på. Det er viktig å fokusere det som er unikt for Valdres, det mest særmerkte er kulturlandskapet i stølsområda, stølskulturen og stavkyrkjene våre. Ein viktig del av merkevarebygginga er å medverke til at folket i Valdres set desse sentrale verdiane i høgsetet. MerkeorganisasjonarFor reiseliv, landbruk og foredling er det etablert eigne merkeorganisasjonar som har utvikla sine merkekrav.
Ta gjerne kontakt med oss, så drøftar vi medverknad herfrå til å få opp gode ordningar for den enkelte bransje. HandlingsprogramValdresrådet vedtek årlege planar, og ein del føresetnadar for prioriteringar er:
Valdres skal bli best i Norge på:
|
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark