Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Neste TV serie: "Fjellfolk" på NRK, 12. februar

"Ut i naturen" fra Vassfaret i Valdres ble en seersuksess. 1,5 mill seere.

Har du ein god idé?

Skriv ut E-post

Kanskje vi kan vere med å finansiere og setja ideen din ut i livet!

Formålet med Bu–ordninga

  • Legge til rette for langsiktig, lønsam verdiskaping og desentralisert busetjing med utgangspunkt i landbrukets ressursar generelt og landbrukseigedomen spesielt.
  • Kvinner og menn skal ha like moglegheiter.

Tiltaksgrupper og støttenivå

Utrednings- og tilretteleggingstiltak
Her inngår t.d. bygdemobilisering og ungdomstiltak (sosiale og kulturelle aktivitetar). Vi kan gje stønad inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag.

Praktikantordning

Denne skal stimulere til rekruttering av ungdom mellom 16 – 30 år til landbruk og landbruksrelaterte næringar. Vi kan gje stønad inntil 60 % av lønnskostnadar.

Bedriftsretta utviklingstiltak

  • Etablererstipend
    Det kan gjevast stipend til å førebu og etablere ny verksemd med ekspansjonsmoglegheiter. Stipendet kan dekke medgått tid i prosjektet, reiseutgifter, konsulentoppdrag, marknadsundersøkingar, avgrensa prøveproduksjon, mindre maskininvesteringar, utstyr og bygningar, marknadsføring m.v. Stipendet kan gjevast med inntil kr. 400 000. Stipendet kan dekke inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag.
  • Bedriftsutvikling
    Det kan gjevast tilskot til produktutvikling, kompetanseoppbygging, marknadsundersøking, test sal, nettverksbygging, marknadsføring o.l.
    Her kan vi gje tilskot inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag. Kvinner og ungdom vil bli gjeve prioritet.

Investeringar

Det kan gjevast tilskot til investeringar i faste anlegg og i tilhøyrande produksjonsutstyr av varig karakter i tradisjonelt landbruk og i nye næringar knytt til landbruket. Det er inga nedre grense for storleik på søknad eller søknadsbeløp, men vi vil prioritere søknader med investeringsbehov over kr. 300 000/kr. 100 000. Tilskot kan gjevast til enkeltbruk opp til kr. 650 000, og tilvarande for samarbeidsløysingar opp til kr. 750 000.

Det vil bli gjort frådrag for tilskot/rentestøtte gjeve siste 5 år.

Vi kan gje tilskot inntil desse satsar:


20 % mjølkeproduksjon
25 % mjølkeproduksjon, utmarksbeite 8 veker, og eller aktiv bruk av støl
10 % smågris, komb. / lokal foredling
25 % geit og sau
25 % ammeku, utmarksbeite
10 % ammeku
25 % kastrat, kviger, utmarksbeite
15 % oppforing av oksar
20 % pelsdyr
25 % fjøs på støl, max kr. 125 000
15 % lager potet og grønsaker
25 % lokal foredling av matvarer
15 % utleige støl / hytte m/aktivitetar
20 % øvrige tilleggsnæringar
5 % tillegg for søkjar som er kvinne eller ungdom under 35 år
5 % tillegg for økologisk produksjon

Rentestøtte kan gjevast i samband med låneopptak til alle investeringar som elles blir prioriterte for investeringstilskot og som har samla kostnadsramme på minst kr. 800 000. Rentestøtta blir rekna ut frå serielån med 15 års avdragstid og blir utbetalt med terminar over 15 år. Rentestøtta vil variere med rentenivået og er for 2011 1,2 %. Vi kan gje rentestøtte til lån som utgjer opp til 60 % av godkjende kostnadar. Maksimalt lån for rentestøtte kan utgjera kr. 8 000 000.

Tilskot ved generasjonsskifte

Det kan gjevast tilskot til mindre investeringar (øvre kostnadsgrense kr. 800 000) for å oppretthalde tradisjonelt landbruk eller tilleggsnæring.

Tilskotet kan gjevast til brukarar under 35 år. Tilskotet kan gjevast med inntil 40 % av godkjent kostnadsoverslag, og avgrensa oppover til kr. 320 000 pr. landbrukseigedom.

Fristen for å fremme søknad etter ordninga er 5 år frå tidspunkt for overdraging av den faste eigedomen. Ein kan og søke i perioden før eigarskifte. Då med skriftleg avtale med tidlegare eigar.

Andre tiltak

Det kan gjevast tilskot til prosjekt/tiltak som ikkje høyrer under dei detaljerte reglar, men som elles fell inn under formålet med BU–midlane.

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  810
13141516171819
202126
272829    

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar