Lemen
Valdres Sommersymfoni er ein av dei mest mest spanande kammermusikkfestivalane i landet. Kontakten mellom utøvarar på tvers av generasjonar og landegrenser skaper ein særeigen og unik dynamikk.
Den siste veka i juli kvart år kjem kremen av norske folkemusikarar til Fagernes. Jørn Hilme-stemnet har dei siste åra etablert seg som ein viktig arena for både nyskapande og tradisjonell folkemusikk.
I november kvart år blir Beitosprinten, opningsrennet for den nasjonale eliten i langrenn og skiskyting, arrangert på Beitostølen.
Vinjerock er ein tredagars musikk- og aktivitetsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen, 1060 meter over havet.
Landbruksdagen er ein møteplass for landbruket i Valdres og ein stad der ein vil vise fram mykje av det beste landbruket har å by på, til bygdefolk og tilreisande. Landbruksdagen blir arrangert på Valdres Folkemuseum laurdag 5. september 2009.
Storsatsinga Sol av Isfolket fortel historia om ungjenta Sol og hennar dramatiske liv. La deg trollbinde av dei fremste skodespelarane, dei beste musikarane og dei flottaste kulissane eit friluftsteater kan ha. Velkomen til årets største kulturoppleving i Valdres. Velkomen til Valdres Folkemuseum og til Sol av Isfolket!
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark