• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Jørn Hilme-stemnet

Skriv ut E-post

Den siste veka i juli kvart år kjem kremen av norske folkemusikarar til Fagernes. Jørn Hilme-stemnet har dei siste åra etablert seg som ein viktig arena for både nyskapande og tradisjonell folkemusikk.

Krumspring på Skiferplassen.
Krumspring på Skiferplassen.

Særmerket for festivalen er samansetjinga av mange små intime konsertar med både profilerte artistar og unge utøvarar i etableringsfasen, og større tingingsverk og konsertturnéar. I tillegg arrangerer me ein av landets mest populære kappleikar, held ulike kurs og har unike dansetilbod på kveldstid der Valdres Folkemuseum er arena.

Festivalen er blitt arrangert heilt sidan 1960, og har fått namnet sitt etter storspelemannen Jørn Hilme (1778-1854) frå Ulnes i Nord-Aurdal. ”Jørn vart i Valdres og grannebygdene det same som Myllarguten i Telemark, i slåttebygging og utforming av slåttane”. (Valdres bygdebok VI, 1968)

Dei fleste av arrangementa går føre seg på Fagernes, men me har også kyrkjekonsertar rundt om i Valdres og ein flott fjellkonsert på Jaslangen i Vestre Slidre.

Under festivalen blir det også arrangert eit vekeskurs i folkemusikk og -dans for born og ungdom (11-20 år) på Valdres folkehøgskule på Leira. Strunkeveko gjev gode opplevingar og mykje inspirasjon for dei unge i miljøet. Påmeldingsfrist:
Sjå eigen nettside: www.strunkeveko.no

Er du på jakt etter ei ekte, intim Hilme-oppleving, legg du sommarkvelden til Valdres Folkemuseum. Museet er sentrum for festivalkveldane. Her er det gamaldans og bygdedans (springar m.m.) kvar kveld torsdag-laurdag, i tillegg til eit breitt konsertprogram både utandørs og tett på musikarane i dei gamle stovene.

I 2007 hadde me om lag 9000 besøk fordelt på 50 arrangement.

Les meir på : www.hilme.no

Velkomen til Jørn Hilme-stemnet 21. - 28. juli 2013!

 

valdres-blogg

Valdres no:

<<  Mai 2013  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
  
  

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar