Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Valdres FK

Skriv ut E-post

2.divisjonslaget Valdres FK har skapt fotballfeber i Valdres. Heimekampane på Blåbærmyra Stadion er fullsette med ihuga valdrespatriotar, og valdrisen kvir seg heller ikkje for å følgje laget sitt på bortekamp. Supporterklubben Drageberget sine kampsongar og heiarop skaper alltid liv og røre på tribuna og gir laget god moralsk støtte.

Stort øyeblikk på Brann stadion, Valdres FK scorar mot Brann i cupkampen i 2008. Foto: Nils Rogn
Stort øyeblikk på Brann stadion, Valdres FK scorar mot Brann i cupkampen i 2008. Foto: Nils Rogn


Valdres Fotballklubb har profilert Valdres på ein framifrå måte og fotballklubben har gitt Valdres mykje god medieomtale. På ein cupkamp mot Brann i 2008, var valdressupporterane i fleirtal på Brann Stadion og TV2 sin kommentator Davy Vatne lot seg imponere over fotballengasjementet i Valdres. Ikkje mange klubbar i Norge, har tilsvarande supportergjeng, i følgje Vatne.

Valdres FK har skapt eit stort engasjement, både hos yngre og eldre. Fotballinteressa samlar folk på tvers av alder og kommunegrense, fotballen skapar samhald, gir oss identitet og kjensla av tilhøyrigheit.

Valdres Natur- og Kulturpark har derfor vedteke å gå inn i eit samarbeid med Valdres FK og har støtta dei med kr. 200 000,- i 2009. Område vi vil samarbeide om, er mellom anna marknadsføring av Valdres, trafikksikring, integrering og tilflytting.


Meir om Valdres FK her.

Tabellen 2010

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar