• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Kongevegen

Skriv ut E-post

Heilt sidan folk byrja ferdast i Noreg har vegen over Filefjell i Vang vore det viktigaste sambandet mellom Aust- og Vestlandet. Vi trur at ein del av steinalderbustadene i Valdresfjella har vore sumartilhaldstad for folk frå vest, og truleg har dei også nytta denne fjelloverganger inn mot Valdres. Saltmannavegane var også eit samband mellom aust og vest heilt fram til 1900-talet.



Det er ikkje stor avstand frå gardane i Lærdal og Årdal på Vestlandet til gardane lengst vest i Vang, og skiljet mellom aust og vest er flyande dersom ein ser på byggeskikk, dialekt eller til dømes gravskikkar i heidensk tid. Soga seier at Heilag Olav reiste over Filefjell frå Sogn til Valdres då han var på kristningsferd i 1023.

På 1300-talet vart det bygd fjellstøger for vegfarande, fyrst Maristova, som er ei av dei eldste noverande fjellstøgene i landet. Det er også utgrave ei tuft etter ”Gamlestøga” på sørvestsida av Otrøvatn på Filefjell. Nedanfor kan vi lese korleis tufta vart omtala av ein arkeolog i 1938:

”Ca 250 m øst for seteren Gamlestugu på Fillefjell ligger en tydelig hustomt omtrent 13.5 x 5.5 m i rektangulærform. Det er ingen grunn til å tvile på at vi her har tomten efter den eldste fjellstuen som alt i middelalderen blev flyttet over til nordsiden av vannet (Støgofjorden eller Otrøvatnet) da Thomaskirken blev anlagt her.”  Seinare vart fjellstøga flytta til Nystøga på Filefjell.

Etter trafikken å døme er det ikkje så overraskande at kongevegen frå Kristiania gjennom Hadeland til Borgund og Lærdal vart etablert i 1793. På den tid vart den kalla "Den Bergenske Hovedveg". Omgrepet Kongeveg fikk denne - og andre tilsvarande vegar- fordi vegen var bygd på kongeleg befaling og såleis måtte ha ein viss standard. Det var i hovudsak kongen og adelen med sendemenn som skulle bruke desse vegane.

Kongevegen strekte seg gjennom heile Valdres frå Etnedal i aust til Filefjell i Vang i vest. I dag er delar av vegen borte, men andre delar av vegen er framleis tydeleg på fleire stader. Kongevegen svingar mellom anna frå Bruflat og opp mot Tonsåsen. Denne strekka, mellom Bruflat og Tonsbakken, vart sett i stand av Nord-Aurdal kommune og Etnedal kommune i 1992. Diverse støttemurar, bruer og stikkrenner er laga i fin steinmuring.

I Nord-Aurdal gjekk vegen frå vadet ved Galtin i Fløafjorden, opp Åbjør, Nitbakkatn, vestover forbi Haugrud, om Bløytjern, over Øystølatn og til vadet ved Fløta (neddemd elvstubb mellom Ølsjøen og Bløytjern), og så nedanfor Flubergmyra, anten ved Eivasstølen eller opp langs Åkerson  til Kvitingen. Vegen kryssar Sør- Aurdalsgrensa ved Gullringbekken.

I Vestre Slidre er berre korte stykke av Kongevegen synleg, mellom anna i Reieskleiven. Gjennom Vang kan du finne vegen frå Høre til Laglim, frå Hemsing bru til Syndrol, langs E 16 frå Grihamar til Varpebrua, ved Grøvstølen og Otrøvatn, og frå Kyrkjestølen til fylkesgrensa.
 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar