Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Attraksjonar i Nord-Aurdal

Skriv ut E-post


Flaumstein ved Strandefjorden

 

Ein minnestein over flaumhøgder finn du ved Strandefjorden i parken ved Rådhuset på Fagernes. Steinen syner kor høg vasstanden har vore under storflaumane frå 1789 til 1967.

 


Bronsealderfunn på Svennes

 

Ein minnestein er sett opp på Svennes i Nord-Aurdal for å fortelje om eit stort bronsefunn frå bronsealderen, Svennesfunnet, og ei kyrkje som sto på Svennes fram til 1860. Steinen står på oversida av E 16 nord for Svennes Camping.

Det er også funne ein mellomaldergravstein ved Svennes stavkyrkje i 1986. Steinen hadde opphavleg vore ein gravstein frå 1200-tallet. Liknande steinar er funne ved Mo kyrkjeruin og ved Hegge kyrkje.

Svennesfunnet er det største depotfunn frå eldre bronsealder i Noreg, og inneheldt 20 spydspissar og 1 sigd. Funnet vart gjort i 1830, og gjenstandane ligg no ved Universitetets oldsakssamling i Oslo.

 


Valdresbanen 1906 - 1988

 

Jernbanen frå Eina til Fagernes, 109 km, vart opna i 1906. Valdresbanen var privatbane til staten overtok drifta i 1937. Det siste damplokomotivet var i bruk i Valdres til 1968. I 1988 vart trafikken på Valdresbanen innstilt, og det siste ordinære toget drog frå Fagernes 31. desember 1988.

I 1991 vart dei fire kilometrane med skinnegang frå Fagernes til Leira fjerna. Leira stasjon vart då endepunktet på Valdresbanen. Det private A/S Valdresbanen køyrde ein gong i blant turisttog og dreiv utleige av dresinar på Leira.

Skinnene frå Leira til Bjørgo vart fjerna i 2002, og sidan då er A/S Valdresbanen si verksemd med turisttog og dresinar flytta til Dokka.

Eit skiftelokomotiv av typen Skd 214 bygt ved Kockum i Sverige i 1952, med ei vekt på 20 tonn, var i bruk på Fagernes stasjonsområde heilt til trafikken vart innstilt. Saman med stasjonsbygningen frå 1906, skal dette skiftelokomotivet markere at Fagernes ein gong var ein stasjonsby.

I dag er den gamle jernbanetraseen døypt til Valdresbanevegen og fungerer som gang og sykkelveg.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar