• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Attraksjonar i Øystre Slidre

Skriv ut E-post

Jernvinneanlegg i Beito

I Valdres har det vore omfattande jernutvinning heilt frå år 0 til og med mellomalderen. Nesten i alle fjell kan du finne restar av slagg og kolgroper. Svartedauden i 1349 sette ein stoppar for jernproduksjonen. På Orreli i Øystre Slidre kan du sjå restane etter eit jernvinneanlegg. På dette jernvinneanlegget er det funne ni kolgroper, ein omn, ein slagghaug og ei hustuft. Truleg finst fleire slagghaugar og omnar skjulte under bakken.


Korleis vart jernet laga?

Jern finst ikkje i rein tilstand i norsk natur, så rikeleg tilgang på god myrmalm og mykje skog til trekolbrenning, var ein føresetnad for utvinninga. Slik er tilhøva på Beitostølen og mange andre stader i Valdres.

Omnane vart i mellomalderen bygde av leire og steinheller, og stod ofte under tak. Trekol vart lagt i groper og vart deretter lagt lagvis med malm i omnen. Når temperaturen vart 1 300ºC, smelta slagget og rann ned i botnen av omnen og ut gjennom ei renne. Jernet vart liggjande att.


A/S Valdres skiferbrot

Det er skifer fleire stader i Valdres, men berre i Rogne i Øystre Slidre har ein funne den typiske muskovitt-kloritt skiferen. Den er blå, grøn og ei blanding av desse to fargane. Vidare er han blaut (mjuk) og lett å kløyve i mange lag. Største delen av produksjonen var takstein, og mykje vart eksportert til England, Belgia, Nederland og Italia. Andre produkt var heller, piper, murar, gravsteinar m.m.

A/S Valdres Skiferbrot vart stifta i 1899, men var uttak av skifer i dette området lenge før den tid, truleg heilt attende til 1600-talet. Skiferbrotet har vore det største skiferuttaket i Valdres, og verksemda var i ei periode den viktigaste industriarbeidsplassen i Valdres med 120 tilsette. Det er 50-60 gruver i området. Ingen må gå inn i gruvene, dei er ikkje sikra, er svært bratte og i mange av dei står det vatn.

Alt i 1926 begynte dei økonomiske problema å melde seg og under siste krig var det att rundt 40 mann i arbeid. Drifta stoppa i 1953. I 1997 vart det laga ei utstilling om skiferdrifta i den gamle styrarbustaden til A/S Valdres Skiferbrot.


Dale mølle

Dette er ei nyrestaurert mølle frå 1930. Den aller fyrste mølla som sto her vart bygd i 1892. Denne brann ned fyrst på 1900-talet. Mølla har to kverner, samt tørke og spisse. Mølla er den einaste i sitt slag i Oppland. Dale Mølle finn du ved å kjøre av Rv. 51 ved Varpet i retning Dale.

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar