Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Attraksjonar i Sør-Aurdal

Skriv ut E-post

Bagnsbergatn krigsminne

På Bagnsbergatn ved Gråbeindalen aust for Bagn sentrum i Sør-Aurdal, står eit monument over ei dramatisk hending under 2. verdskrig. På ein nedlagd gard hadde tyske okkupantar teke inn og dei tok 33 sivile til fange. I april 1940 vart dei nedkjempa av norske soldatar, medan dei sivile var innesperra i husa. Berre ein av dei sivile vart drepen. I 1986 vart garden innvia som nasjonalt krigsminne av H.M. Kong Olav V.

Ein stig på omlag 2 km går gjennom kampområdet Gråbeinhølet, og informasjon langs stigen fortel om hendingane i området.

Bautahaugen Samlingar, Hedalen

Bautahaugen Samlingar med sine 15 hus og bygningar, viser livet og utviklinga i Hedalen og Vassfaret. Her kan du sjå ein gamal hedalsgard, husmannsplass, seter, årestue, fiskebuer med meir. Også fleire minnesmerke i stein frå 1905, 1945 og utvandrarsteinar til minne om dei om lag 4 000 sør-aurdøler som utvandra til Amerika. Ei eiga utstilling frå eldre jernalder. Til Bautahaugen Samlingar høyrer den gamle ættegarden Bergsrud med ca. 30 mål dyrka mark og 2 000 mål skog - delvis i Vassfaret. Også seter på fjellet, samt Hedalsmølla. Kafé.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar