• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Attraksjonar i Vang

Skriv ut E-post

Bekkekvernene ved Leineåne i Vang

leinekvernene_vang_natrufokus
Leineåne med ei av bekkekvernene bak. Foto: Naturfokus.

Eit eineståande bygningsanlegg på Vennis i Vang er dei seks bekkekvernene ved Leineåne. Det har på det meste vore 13 kverner ved Leineåne, men dei fleste vart tekne av storflaumen i 1860. Ein reknar med at bekkekverner har vore i bruk allereie i mellomalderen. Dokument frå 1729 syner at det var vanleg at kvar gard med vassfall hadde si eige kvern, og på den tida var det i alt 79 kverner i Vang. I dag blir fem av dei seks kvernene halde i stand ved ei samarbeidsavtale mellom Vang kommune og eigarane, medan den sjette kverna blir ivareteke av eigaren sjølv.

 

 


Gravhaug på Lerhol

På garden Leirhol i Vang, ligg ein gravhaug som er datert til om lag 400 år etter Kristus. Vang skil seg ut frå dei andre valdreskommunane ved at ein kan sjå sterk påverknad frå vest i merovingar- vikingtid. Her finn vi typiske vestlandsgraver. Dette er skjelettgraver med hellekister, ofte rikt utstyrte med importvarer som glasbeger og bronsekar.

I vestlandsgravene i Vang er det funne perler av glas og rav, noko som ikkje har synt seg i resten av dalføret. Vestlandsgraver er mellom anna funne på Bunde i Høre, Leirhol i Remmisgardane, på Hamre og Nordland på Vennis og på Bøaflata ved Mjøsvang. Grava ved Leirhol har ei tydelig hellekiste som du kan sjå fordi gravhaugen er utgraven. Grava er ei dobbel manns-/kvinnegrav, og inne i grava er det funne 100 perler og 26 svarte og kvite spelebrikker.


Riddarberget i Høre i Vang

I skogen ned for Høre i Vang, ligg tydelege restar etter ei bygdeborg. Borga strekkjer seg aust–vest ca. 150 m og nord–sør ca. 75 m. Restane etter borga består av tre murar som er 27, 15 og 14 m lange, 1,5 til 2,0 m breie og opptil 0,5 m høge. Det er funne kjelde på staden, og det skal også vera ei hustuft innafor murane. Ned frå borga går ”Den løynde gangen” gjennom ei trong kluft i berget, og eit stort rom under borga blir kalla ”Stallane”.

Bygdeborger som er undersøkt i Noreg syner at dei er frå eldre jernalder, perioden 300–500 år e. Kr. Før Noreg vart samla til eit rike, bestod landet vårt av fleire mindre, sjølvstendige einingar med såkalla høvdingdømme. Det har truleg vore behov for forsvar mot inntrengjarar, og bygdeborgene kan ha tent som forsvarsborger og tilfluktsstader. Borgene er nesten alltid lagt oppå stupbratte berg med godt utsyn. På den måten hadde høvdingen godt oversyn over ferdsel og varetransport.
Inne i borga er det ofte ei kjelde, og i muren finst ein eller fleire opningar. Sjølv om ein ikkje har funne restar etter bygningar inne i borga, er det ikkje utenkjeleg at det har eksistert.

Restane etter bygdeborgene minner i dag ikkje mykje om ei borg. Murane vart berre bygd der terrenget ikkje gav vern nok i seg sjølv, og restane er samanrasa og overgrodd. Dei låge murane gav ikkje nok vern, og svenske undersøkingar syner restar etter tømmerpalisadar som har hatt steinmuren som forankring. Enkelte borger hadde også tårn av treverk langs muren. Det er ikkje utenkjeleg at det kan ha vore bygdeborger som berre var av tre og som vi i dag ikkje ser spor etter.


Riddarstøga

Riddarstøga på Leirhol er frå 11-1300-tallet. Riddaren Sigvat av Leirholar (1270-1340) vart også kalla Sigvat Kvien, fordi han hadde tilhald på garden Kvien også. Sigvat var sysselmann under kongen, for Valdres og Hallingdal.

Soga seier at Sigvat bygde støga til brura han hadde røva frå Sandbudriddaren Ivar Gjesling – den såkalla Skårvangsola i Gudbrandsdalen. Han bygde på ein 2. etasje på den opphavlege årestøga på garden. Riddarstøga vart såleis eit av dei første bustadhusa med to etasjar i Noreg.

Sigvat var kongens mann i Valdres. Sigvat var godt likt her heime, men som riksråd var han truleg ikkje alltid like godt motteken. Segna seier at han vart myrda ca. 1340 og gravlagt under golvet i Vang stavkyrkje.

Trass i mordet må Sigvat ha vore ein respektert mann. Det blå våpenskjoldet hans hang over gravstaden hans i mange hundre år - truleg til 1841 då stavkyrkja vart riven. I 1987 tok Vang kommune våpenskjoldet til Sigvat som kommunevåpen.


Vangsteinen

vangsteinen_naturfokus
Vangsteinen ved Vang kyrkje.
Den eldste runesteinen i Vang, ”Vangsteinen”, er frå sein vikingtid. Runene står på smalsida. Der står det: ”Gåsesønene reiste denne stein etter Gunnar, brorsonen sin”.

Steinen står i dag ved Vang kyrkje. Det er uvisst kvar steinen tidlegare har stått, men mest sannsynleg har den stått utanfor den austre porten til Vang kyrkje. Kyrkja det er tale om er Vang stavkyrkje som no er i Polen.

Tradisjonen seier derimot at Vangsteinen opphavleg stod på garden Gåsedeilde, og at det finst ein annan tapt del som ligg i ei røys på garden. Etter tradisjonen skal røysa ha vorte bygd for ein ved namn Gunnar. Om dette er ekte tradisjon eller berre ein kombinasjon av Gåses Søner på steinen og det gamle gardsnamnet Gåsedeilde, har vi ikkje noko klart svar på.


Vinjebue

vinje_naturfokus
Vinjestøtta på Eidsbugarden.
I 1868 fekk Aasmund Olavsson Vinje sett opp ei hytte ved det gamle Eidsbu felæger. Han kalla hytta Eidsbugarden. Seinare har ho vorte heitande Vinjebue. Denne var opphavet til det noverande Eidsbugarden Høgfjellshotell.

Vinje vart kalla Jotunheimens første ”landnaamsmann og odelsmann”. Det er sagt om Vinje at ”ingen Norsk skald hev lagt so mykje av høgfjellet inn under diktingi si som han”. Det mektige synet av tindane og breane har inspirert både han og mange andre kunstnarar.

”Eg er som vel du veit, ein fjellets mann,
Og difor dreg eg til fjells så tidt eg kan,
Aa friska meg paa fly og bratte bryn
Og sjå ikring meg alle store syn”

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar