Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Attraksjonar i Vestre Slidre

Skriv ut E-post

Gardbergfeltet og Einangsteinen

Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Valdres er eit område på meir enn to kvadratkilometer. Her er det registret over 550 gravrøyser og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot vikingtid. Heile området har vore nytta som gravfelt gjennom heile perioden frå eldre til yngre jernalder. I området er det også funne spor etter hustufter og kolgroper. Berre ein del av området er lagt til rette for publikum.

Det var ikkje vanleg å ha ”offentlege gravplassar” i førkristen tid. Gravene var oftast knytte til ein gard i små gravfelt, men det finst også større gravfelt for fleire gardar.

Området har også spor etter jernutvinning. Spor etter jernutvinning kan ein finne i dei fleste fjellområda i Valdres. I eit av felta ligg ein stor skålgropstein med 70 skålgroper. Skålgroper blir vanlegvis datert til bronsealderen. Pollenanalysar frå området syner at det har vore husdyrhald i området i 4 500 år.

I ei av gravene, Sverdgrava ved Bråtehaugen, er det funne eit sverd frå eldre jernalder. Sverdet har eit smalt rektangulært stempel på langs av bladet, der ordet, eller namnet, RANVICI står med opphøgde latinske bokstavar. Det er eit forholdsvis breitt, kraftig hoggsverd, truleg smidd av ein romersk smed ved grensa til Romerriket. Sverdet finn du i dag på historisk museum i Oslo.

I Gardbergfeltet står Einangsteinen, frå rundt år 300 e.Kr. Dette er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som står på sin opphavlege plass. Runer vart teke i bruk for 2 000 år sidan. Dei yngste runene var i bruk fram til ca. 1400 e. Kr. På Einangsteinen finn ein difor skrift med den eldste runerekka. Teksten på gammalnorsk lyder: "Ek godagastir runo fahido" som oversett betyr, "Eg Gudgjest gjorde runene.”


 

Varden på Olberg. Foto: Naturfokus.
Varden på Olberg. Foto: Naturfokus.

Olberg varde i Vestre Slidre

Olberg er ein åstopp på om lag 1 000 m.o.h. på vestsida av Slidrefjorden. Trevarden (veten) på toppen er truleg frå vikingtida. Systemet med vardevarsling vart vanleg på den tida.

Ein vete er eit reisverk av tømmerstokkar som vart tent på for å varsle om fiendehær som nærma seg. Det var påbod i Landslova om at det ved sida av veten skulle setjast opp vakthus med tak og fire dører. Systemet vart sist nytta i 1429.

Til Olberg kjem ein lettast ved å køyre opp "Trillebakkane" på vestsida av Einangsundet.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar