Lemen
Velkommen til Kulturminneåret 2009! |
|
|
|
|
|
Valdres Natur- og Kulturpark og Valdresmusea AS ynskjer hermed velkome til eit nytt kulturminneår 2009! Den offisielle opninga er i byrjinga av februar, men www.valdres.no tjuvstartar og fylgjer kalenderåret. Hovudtema for den nasjonale satsinga er dagleglivets kulturminne. Valdres fylgjer opp satsinga og satsar på eit år der vi får fram minne som betyr mykje for mange – og som omgjev oss til dagleg. Dette er eit år der frivillige lag, organisasjonar, skular og barnehagar skal få sleppe fram med sitt kulturminne. Alle historielag, kommunar, skular og barnehagar i Valdres er kontakta, og det ser ut til at vi har brei oppslutning om satsinga. Ver med og skriv!
Kulturminnekonsulent: Katharina Sparstad i VNK organiserer arbeidet med "Vekas kulturminne" her på portalen. Foto: Nils Rogn
Kvar laurdag vil du på denne sida finne ”Vekas kulturminne”. Valdres Natur- og Kulturpark har invitert lag, foreiningar, kommunar og privatpersonar til å skrive ein liten snutt om eitt eller fleire kulturminne – og dette kjem på www.valdres.no gjennom heile 2009. Ved slutten av året blir artiklane samla i eit eige hefte. Vi har fått inn ein del forslag til ”Vekas kulturminne”, men enno er det plass til fleire artiklar. Send inn til oss, eller ta kontakt med kulturkonsulenten i kommunen din. Hugs å legg med eit bilete! Kulturstig og Valdres-ikonI tillegg til ”Vekas kulturminne”, er skular og barnehagar engasjerte i kvar sin ”Kulturstig”. Fleire har meldt inn sitt ynskje, og dei beste seks tiltaka vinn ein GPS Garmin 60CSx! Elles er ungdomsskulane oppfordra til å teikne, lage bilete eller skrive sitt Valdres-ikon. Vi vonar mange deltek her også, slik at vi får til ei flott utstilling på slutten av året! Les meir om kulturminneåret på http://www.kulturminneaaret2009.no, og hald deg à jour om satsingane i Valdres på "blogg" om arbeidet i kulturminneåret i Valdes på http://www.valdres.museum.no |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark