• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Ikonprosjektet

Skriv ut E-post

Ikon

Valdresmusea bed alle åttandeklassingane i Valdres ta del i kunst- og dokumentasjonsprosjektet Ikon. Bakgrunnen for prosjektet er eit ynske om å rette sterkare fokus på mangfaldet av kulturelle ytringar i Noreg, og å auke forståinga for kulturminnearbeid og –problematikk i vår tid. Prosjektet er eit samarbeid mellom Valdresmusea, Valdres Natur- og Kulturpark, ungdomsskulane i Valdres, fotograf Laila Meyrick og grafisk designar Carina Watkinson, og blir til i samband med markeringa av kulturminneåret i 2009.

Tidlegare retta ein gjerne fokus på kulturminne med nasjonal eller regional verdi. Kulturminne skulle vere nasjonale symbolmarkørar, dei skulle fylle krav til estetikk og utsjånad, og dei skulle representere kontinuiteten i folkets historie. Behovet for historisk forankring var viktig for ein ung nasjon som Noreg, som søkte legitimitet som sjølvstendig stat.

Konsekvensane av slik tenking ser vi enno, sjølv om kulturminnelova i dag opnar for ein kulturminnedefinisjon av det breie slaget. Minne frå vår eiga tid, til dømes, manglar framleis status og er heller ikkje underlagt same vern som eldre, tradisjonelle kulturminne. Kulturminne er ikkje berre stavkyrkjer, gamle hus og monument over historiske milepelar. Også kvardagen etterlet spor og minne. Kor blir det av dagleglivets kulturminne, minna om meg, minna om deg?

Dagleglivets kulturminne – ikon for deg

Daglegliv er stikkord for markeringa av kulturminneåret i 2009, som ikkje stiller særskilte krav til estetikk eller nasjonal forankring. Minna skal derimot vere gjenstandar eller aktivitetar, med relevans til din kvardag, til ditt liv. Mobilen, minnepennen, matpakka, skia, mopedlappen, skoa, hardingfela, iPod’n, kortimen, Madonna, treningsbenken, boblejakka eller spelemannslaget. I 2009 rettar vi fokuset på dagleglivets kulturminne.

Minne produserte i vår tid er gjerne masseproduserte forbruksvarer med kort levetid. Mange av dei er likevel nødvendige gjenstandar, og med betyding for forminga av våre identitetar. iPhone, klede og sminke, til dømes – er masseproduserte forbruksvarer med stor relevans for sosialisering og normering av unge menneske.

Den nasjonale markeringa av kulturminneåret i 2009 illustrerer dermed eit skifte i forståinga og avklaringa av eit kulturminneomgrep. Kulturminnelova stiller ikkje lenger krav om sjeldne, særsynte og uvanlege gjenstandar (materiell kultur) eller aktivitetar (immateriell kultur). Derimot opnar lova for individuelle tolkingar, med omsyn for personlege og stadeigne føresetnadar. Spor etter menneske, og som er ein del av vår identitet (jfr. Kulturminnelova) opnar til dømes for ei kulturminnetolking av det daglegdagse og kvardagslege slaget.

Masseproduserte forbruksvarer i dag, kulturminne i morgon.

Ikon i kunst

Frå kunsten kjenner vi ikona som kristne, forkynnande bilete. Jomfru Maria og Jesus-barnet er vanlege motiv på desse heilage, lysande bilete, og i ortodoks tradisjon er dei å sjå på som vindauga til den guddommelege verda.

Omgrepet Ikon fekk ny meining på 1950- og 1960-talet. Jomfru Maria vart erstatta av Marilyn Monroe og Barbie, og i sentrum for den vestelege, konsumorienterte verdiorienteringa plasserte ein forbrukskulturen og individet sjølv. Velstandsauke og framtidsoptimisme var bakgrunnen for utviklinga av dei nye ikona, og popkunstnarane vart formidlarar av nye, kommersielle symbolmarkørar – modernitetens heilage relikvie. Ein av dei fremste popkunstnarane på denne tida var Andy Warhol, som er mest kjend for dei ikonografiske framstillingane av Marilyn Monroe, i serien Celebrities.

Kva er heilage bilete i vår tid?
Kva er i sentrum for våre ikon?
Våre eigne liv, vår eigen materielle kultur?

Ikonprosjektet

Valdresmusea bed alle åttandeklassingane i Valdres ta del i kunst- og dokumentasjonsprosjektet Ikon. Prosjektet er jamført læreplanmåla for kunst og handverk, historie og samfunnsfag for tiande klassetrinn.

Elevane skal framskaffe foto eller video av sine personlege kulturminne (gjenstandar eller aktivitetar, som tidlegare omtala). Saman med dette materialet skal det følgje ein kort tekst – ei grunngjeving for kvifor dette er viktige kulturminne. Informasjon som historikk og verdimessig kommunikasjon (kulturhistorie framstilling: tankar, idear, sosial status, livssyn, makt og tilhøyre), produktinformasjon (marknad, produksjonskostnadar, miljøomsyn og salsprisar), estetikk og design vil bli vektlagt.

Kulturminneåret 2009 og Valdresmusea har eit ynske om å gjere dei innsendte forteljingane og kulturminna digitalt tilgjengelege. I fyrste omgang skal informasjonen vera tilgjengeleg berre for skuleelevane sjølve, lærarar og Valdresmusea. På sikt ynskjer Valdresmusea å gjere informasjonen om prosjektet og dei enkelte kulturminna tilgjengeleg på Valdresmusea og Kulturminneåret 2009 sine heimesider.

Valdresmusea er kjent med at skulene bruker ulike digitale læringsplattformar, og at ”Fronter” er eitt av desse. I arbeidet med Ikon er det eit ynske at innsamling av data blir gjort med eit slikt verkty. I samråd med Ellen Persvold, koordinator for det 13-årige skuleløpet i Valdres, foreslår Valdresmusea at materialet (foto, film og tekst) blir lagt ut på eit felles regionalt rom, under det 13-årige skuleløpet (i ”Fronter”). Elevar, lærarar og Valdresmusea får tilgang til dette rommet med brukarnamn og passord. På denne måten blir materialet tilgjengeleg for alle, og det vil lette museet sitt arbeid med redigering og språkvask.

Kvardagsikon blir kunstikon

Materialet vil sidan bli vurdert av ein jury på fem personar. Her sit representantar frå Valdresmusea, ungdomsskulene og fotokunstnar Laila Meyrick. Juryen vel ti av de innsendte bidraga, som seinare skal brukast i arbeidet med utstillinga Ikon.

Dei utvalde kulturminna blir no til gjenstand for Laila Meyrick sine refleksjonar og tolkingar. Kva tenkjer ho som kunstnar om gjenstandane og aktivitetane, og kva er viktig for Meyrick i formidlinga av det kvardagslege? Korleis søkjer kunstnaren heilage, ikonografiske kvalitetar i kvardagslige gjenstandar og aktivitetar? Kan kva som helst bli kunst, kan kva som helst bli ikon?

Saman med elevane drøftar Laila Meyrick ulike innfallsvinklar til arbeidet med fotografering av dei ti gjenstandane eller aktivitetane. Omgrep som ”kvardagsleg” og ”heilag”, ”massekultur” og ”smalkultur” opnar dermed for ein diskusjon, i kulturfilosofisk så vel som i praktisk forstand. Kan til dømes elevane sine kvardagslige kulturminneikon seie noko om økonomiske og sosiale tilhøve i vår tid? Korleis kan forbruksvarer tolkast som bilete på vår tid. Er det mogleg å tolke kvardagslege gjenstandar eller aktivitetar som viktige eller heilage symbolmarkørar?

Laila Meyrick sine fotografi blir deretter overført til ti (100 cm x 140 cm) sylvfarga reynobond aluminiumplater. Tekstplater, katalog og anna reklamemateriell blir utforma av grafisk designar Carina Watkinson. Reisten av det innsendte ikonmaterialet puttast i høvelege bla-permar. Fotografia og bla-permane blir presenterte på utstillinga Ikon på Valdres Folkemuseum, hausten 2009.

Forankring til læringsmål i Kunnskapsløftet

Ikon er forsøkt jamført læringsmåla i faga kunst og handverk, historie og samfunnskunnskap. I faget kunst og handverk heiter det at elevane skal kjenne til ulike ideologiske innfallsvinklar i framstillinga av kunst. Elevane skal lære seg å forstå korleis gjenstandar, forbruksvarer og kunst kommuniserer tankar og idear, og at desse fortel om sosial status, livssyn, makt og tilhøyre. Desse måla korresponderer med intensjonane i ikonprosjektet, som mellom anna skal gje elevane forståing for korleis den vestlege, kommersielle konsumkulturen er viktige faktorar i ei identitetsdanning. Lik skulen sine læringsmål ynskjer Valdresmusea samtaler med elevane om korleis kunstnarar til ulike tider og i ulike kulturar uttrykkjer seg gjennom foto, film og video.

I faget historie skal elevane drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar, til dømes gjennom ny teknologi. Elevane skal lære å skapa eigne forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar. Elevane skal også søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historie ulikt (internett, skriftlege eller munnlege kjelder). Elevane skal forklare framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved det moderne Noreg (og særleg forbrukskulturen).

I faget samfunnskunnskap skal elevane kunne forklare korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg og gjere greie for rettane til forbrukarane. Elevane skal òg forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar. Siste læringsmålet er særleg interessant for arbeidet med ikonprosjektet, som tek mål av seg å skildre mangfaldet av ein konsumorientert, moderne ungdomskultur.

Gjennomføring

Informasjon i skulene (½ – 1 skuletime per 8. klasse) og innsamling av materiale er tenkt gjennomført første halvdel av 2009. Fotografering og samtale med dei ti utvalde elevane (to dagar per elev), samt ferdigstilling av utstillinga er tenkt gjennomført i andre halvdel av 2009.

 

valdres-blogg

Valdres no:

<<  Mai 2013  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
  
  

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar