• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
Kirker i Valdres - stavkirker, kultur og historie

Velkommen til kyrkjene i Valdres

Skriv ut E-post

Når du står under drageskurden og tek tak i dørringen for å opne døra og gå inn i kyrkja, er du ikkje den fyrste. I rundt 800 år har den levande straumen av menneske vore som eit pulsslag, bygdafolket har funne ny kraft her i bygda sitt hjartekammer.

   Ulnes kyrkje. Foto: Naturfokus.
Ulnes kyrkje. Foto: Naturfokus.

Kyrkja var heilag, og representerte stor nådig makt. Berre eit tak i dørringen så var du berga for lensmann eller andre som var ute etter deg. Kyrkja er ikkje som andre hus, himlingen der inne minner om ein Evig Himmel. I kyrkja er det rom for å kjenne på dei store spørsmål i livet, her er rom for undring.

I skjør glede over kjærleiken, eller med eit nyfødd barn i hendene har menneske gått inn gjennom portalane til kyrkja. I tung sorg og otte framfor eit liv utan ein dei hadde kjær har dei gjort det same. Portalane har i dargeskurden nagla ondskapen fast på utsida. Sårbare og mottagelege har dei kunne gå inn og hente kraft og trøst hjå dei gode kreftene i det heilage rommet.

I Valdres finn ein stavkyrkjer med arkitektur som speglar dei forskjellige tider kyrkjene har gjennomlevd. I Øye stavkyrkje kan ein framleis gå inn i det mørke rommet kor naturleg lys berre kjem frå gluggane i tak og vegger. Tidsspennet og mørkret gjev rom for fantasien. Vi kan tenkje oss korleis alterljos, varmen i fellesskapet og forteljingane om barnet i krubba, ljoset for verda, kan ha fått troll til å sprekke. I Høre, Hedalen, Lomen og Hegge har kyrkja sin levande bruk tvunge fram ombygging og gitt naturleg opplysning gjennom store vindauge. Det skjedde om lag samtidig som opplysningstida gav ny kraft og fridom til menneska. Vi gjekk inn i ein myndig tidsalder. I dag kan vi igjen leve oss inn i og ta imot forteljingane si frigjerande kraft - utan å gje slepp på vår fridom og mynde.

Vi vonar at du i kyrkjene våre finn kjelde til godleik. At dei framleis vil vera levande hjarte i bygdene våre, for fastbuande og for gjester. Valdres logoen er inspirert av drageskurden frå Hedalen stavkyrkje – rik tradisjon i eit levande hjarte frå Valdres.

Linkar:

AURDAL KYRKJE

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar