19
Hegge stavkyrkje |
|
|
|
|
|
Hegge Stavkyrkje er ei søylestavkyrkje, men skil seg frå Lomen og Høre ved å ha åtte frittståande søyler i kyrkjerommet, fire på kvar side. Kyrkja har ei form noko mellom dei mangesøyla stavkyrkjene i Sogn og dei firesøyla i øvre Valdres. Ansiktsmaskene på søylene kan ein kanskje knytte til heidenske gudar?
Hegge stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
Uklår eldste historieKyrkja er truleg bygd om lag 1216. Men døypefonten er frå 1100-talet. Kanskje sto kyrkja fyrst på Alvstad eller ho er bygd av to andre kyrkjer, på Alvstad og Lidar? Men Hegge kyrkje vert omtala skriftleg i 1327. Stavkyrkja har opphavleg hatt halvrund koravslutning (apsis) bak alteret, takryttar, svalgangar, runde glasgluggar, spontak og inngang frå vest og sør til skipet. Kyrkja er bygd om fleire gonger, særleg i 1844, og ser stort sett ut som Lomen og Høre stavkyrkjer. Eit nytt kor og våpenhus er bygd og veggane i skipet er flytta ut på svalgangen for å utvide kyrkjerommet. AnsiktsmaskerØvst på stavane (no på kyrkjeloftet) er ansiktsmasker. Ei av desse har eitt auge og det ligg nær å tenkje på Odin. Er ansiktsmaskene heidenske gudar som til straff for sitt forferdelege liv for evig og alltid er dømde til å bera vekta av taket? Portalar, runer og inventarHegge stavkyrkje har to utskorne portalar frå middelalderen. Ei runeinnskrift fortel at «Erling Arnason rista desse runer». Døypefonten er av kleber i romansk stil frå Gudbrandsdalen, truleg frå 1100-talet. Eit røykjelseskar frå 12-1300-talet, kanskje hanseatisk, heng på veggen i koret. Eit stykkje av ein middelaldersk gravstein av kleber (hjulkors) er no i Oslo. Altertavla frå 1782Fire menn frå Hegge var i Gudbrandsdalen på fehandel og kom ut for uver i fjellet. Dei lova Gud høgt og heilagt at kom dei levande heim skulle dei kvar gje verdien av ei ku til Hegge kyrkje. Dei heldt lovnaden, tinga og betalte altertavla i Gudbrandsdalen, og drog ho heim på skikjelke. På vegen mista dei Judas, men han vart attfunnen utpå sumaren, noko falma.
|
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark