Å puste
Høre Stavkyrkje |
|
|
|
|
|
Høre stavkyrkje er frå om lag 1179, datert ved ei svært uvanleg runeinnskrift. Men her har det vore ei mindre kyrkje tidlegare, for den eldste mynten ein har funne under kyrkjegolvet er frå om lag 1100. Kyrkja er ei søylestavkyrkje med fire frittståande stavar i kyrkjerommet. Dei andre stavane endar på himlingsnivå. Stavane ber eit opphøgda midtparti, i dag dekka av ei himling.
Høre Stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
Kyrkja utvida i 1822Stavkyrkja vart endra i 1822 på same vis som Lomen og Hegge. Koret vart bygd nytt, den halvrunde koravslutninga bak altaret vart fjerna, kyrkja vart utvida mot vest, og veggane i skipet vart flytt ut på svalgangen for å utvide kyrkjerommet. Høre stavkyrkje er i vanleg bruk som soknekyrkje.
Runeinnskrifta med Erling Skakke og NidarosRunene på staven inne i preikestolen har ei spanande historie. Sagaen fortel at kong Sverre drog gjennom Valdres i 1177, på flukt frå Magnus Erlingsson. Elling, lendmannen på Kvie, hadde slutta seg til kong Sverre mot Magnus og far hans Erling Skakke. I 1179 fall Erling i slaget på Kalvskinnet i Nidaros, og då avgjorde Elling og broren Audun at dei ville byggje Høre stavkyrkje slik runene viser: «Den sumaren då brørne Elling og Audun hogg til denne kyrkja (fall) Erling i Nidaros».
Treskurd, andre runer og inventar
Høre Stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
Gyda som utfordra Harald Hårfagre
Gyda frå Kvie, nabogarden til kyrkja, var dotter til kong Eirik av Hordaland. Det var ho som fekk Harald Hårfagre til å samle Norge til eitt rike. Ho vart oppfostra hjå ein storbonde i Valdres, på Kvie. Ho fekk Harald til å love at han ikkje skulle klippe hår eller skjegg, før han hadde samla heile landet. Fyrst avviste ho tilbodet frå kongen om giftarmål, men då han hadde gjort det ho forlangte, vart Gyda gift med Harald. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark