Sokk
Reinli stavkyrkje |
|
|
|
|
|
Reinli stavkyrkje med 12 vigslingkors er datert til omlag 1326. Kyrkja er lik Hedalen stavkyrkje, utan frittståande søyler i kyrkjerommet. Her er søyler i hjørna, og fordi kyrkja er så lang, er det også søyler i langveggane. Kyrkja er ei einskipa langkyrkje med kor og halvrund koravslutning bak altaret, i same breidde som skipet, med innelukka svalgangar og ein liten takryttar. Opphavleg var kyrkja eit rektangulært rom med skip og kor i same breidde og høgde. Korskiljet gjekk mellom midtstavane i langveggane. Takryttaren har vore om lag midt på taket.
Reinli stavkyrkje. Foto: Naturfokus.
To kyrkjer tidlegare på same stadenFrå den fyrste kyrkja kjenner ein berre graver, og den andre kyrkja må ha brent eller vorte rive ned. Nokre stokkar i kyrkja vert datert til 1272 og 1310, dei må ha høyrt til ei eldre kyrkje. Dei eldste myntane som er funne under kyrkjegolvet er frå Håkon Håkonson si tid 1217 – 1263. Ombygging om lag 1326Ei innskrift på veggen i svalgangen ved sørdøra til koret, kan fortelje oss kven som sto bak denne nybygginga eller ombygginga: «Under her kviler Sira Thord, som let gjera denne kyrkja betre. Pater Noster.» Innskrifta viser til ei grav under golvet like ved, markert med små firkanta jernplater, som til saman er eit kors. Kyrkja er truleg rive heilt ned og bygd opp att, kanskje i 1326. Då fekk kyrkja den forma ho har i dag. Stavkyrkja er soknekyrkje, men vert berre brukt om sumaren. Elles brukar ein det nye kapellet nedanfor bygdevegen.
Interiørdetalj. Foto: Naturfokus.
12 vigslingskorsDesse korsa frå middelalderen er måla svarte og må vera frå om lag 1326. Reinli stavkyrkje er einaste kyrkja i Norge som har alle innvigslingskorsa. AltertavlaDenne er eit middelaldersk altarskåp tilsvarande altarskåpet i Hedalen stavkyrkje. Men målinga er dels frå 1890-åra og dels frå 1920-åra. Også altarskåpet i Reinli hadde eit krusifiks, som no heng på veggen i koret, og ei «kroning» (kyrkjemodell), som no er i Oslo. Smijernsbeslag, døypefont, klokke og lukeSmijernsbeslaga på vestdøra viser tydelege spor etter omgjering på 1300-talet. Døypefonten av kleber og ei klokke i støpulen, er alle frå middelalderen.Ei luke i veggen er for dei spedalske, slik at dei kunne skrifte og ta i mot nattverden. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark