Skispor/Skiløype
Steinkyrkjer |
|
|
|
|
|
Slidredomen er den gamle hovudkyrkja i Valdres, frå sist på 1100-tallet, i romansk rundbogestil. Her heldt prosten i Valdres til i middelalderen, den fremste lokale representant for biskopen i Stavanger. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Høgt på sørveggen er to opphavlege vindauge. Kyrkja har ei hovuddør mot sør og ei anna dør mot nord i skipet. Det er og ei sørdør i koret.
Slidredomen. Foto: Naturfokus.
Ecclesie Sancte Marie de SlidrumMaria-kyrkja i Slidre vert nemnt skriftleg fyrste gong i eit pavebrev i 1264. I kyrkja står også ”Maria” med runer.
Hovuddør mot sørHovuddøra har middelalderlege smijernsbeslag av høggotisk type. Det heng og eit alenmål i ringen, noko som er svært sjeldan i dag. På murkarmen ved hovuddøra er eit kyssekors. I døropninga er ein labyrint.
Vigslingskors, våpenskjold, vegg- og takmåleriHer finst spor av fem innvigslingskors, eit av dei ved hovuddøra er restaurert. På skipet sin nordmur er eit måla våpenskjold frå ca. 1330 – 1350. I dag er dette Vestre Slidre sitt kommunevåpen. På austveggen i koret er det eit stort kalkmåleri frå 1400-talet. Her er apostlane, lenger opp er ei framstilling av himmelfarten og øvst ei velsigning eller kroning, omgjeve av englar med musikkinstrument. Takmåleriet i koret er frå om lag 1250 med Kristus som velsignar omgjeve av evangelistsymbola.
Svært sjeldan alterkalkSlidredomen har ein unik alterkalk som enno er i bruk, truleg laga i tida 1325 – 1350. Ei innskrift seier at «Denna kalik gaf Salomon biskup i Oslo Slidra kirkiu». Salomon hadde vore prest i Slidre 1298 og vart biskop i Oslo 1322 – 1352. Han gav kalken til si gamle kyrkje som takk for at han overlevde Svartedauden i 1350. Altertavla, preikestolen og korskiljet vart måla i 1797 og 1798.
KyrkjeklokkeneSlidredomen hadde i gamal tid «12 med hinanden harmonerende klokker». No har kyrkja 4 klokker frå middelalderen i tårnet og 2 klokker i støpulen (klokketårnet), ei av dei frå middelalderen. Støpulen (klokketårnet) har årstalla 1679 og 1798.
Mo kyrkjeruin. Foto: Naturfokus.
Mo KyrkjeruinMo kyrkjeruin forsvann og kom fram att. Kyrkja er truleg frå om lag 1215. Dette er i dag kanskje Norges minste frittståande steinkyrkje frå middelalderen. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Privatkyrkje som vart soknekyrkje
Ruin etter reformasjonen Restaurering av ruinen Arkeologiske funn utanom myntane
Ulnes kyrkjeDå garden Mo var heil og udelt, var han kanskje den største i Vestre Slidre. Truleg var kyrkja opphavleg privat, ei såkalla «høgendeskyrkje». Mo kyrkjesokn er omtala i 1368 og 1400 med gardar på begge sider av Slidrefjorden. Eldste myntfunn er frå kong Sverre 1177 – 1202, og det yngste frå kong Hans, død 1513. Dette viser tidsromet kyrkja var i bruk. Ulnes kyrkje. Foto: Naturfokus. Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå om lag 1265, omtala skriftleg i 1307. Kyrkja var i middelalderen utan tårn, tilbygg og store vindauge. Sørdøra i skipet, no eit vindauge, er i romansk rundbogestil. Ein hjørnestein frå sørdøra ligg i gangen. I koret er det ei spissboga gotisk dør mot sør og eit gotisk vindauge mot aust bak altartavla. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Inventar frå middelalderenEit eldgamalt døypefontlokk står i koret. Ein kvinnefigur fra 12-1300-talet er i ein monter i gangen. Dette er eine halvdelen av eit motiv som viser Maria og Elisabeth sitt møte. Kyrkja hadde tidlegare eit altarforstykke frå om lag 1325 – 1350, med St. Margaretha, St. Peter, St. Paulus og St. Sunniva. Bilete av forstykket heng i gangen. Ei klokke i tårnet er frå middelalderen. Bjørnelabben i glassmonteren er kanskje en amulett til vern mot dyret. Nyare inventarDåpsenglane (døypefontane) er frå 1793 og 1873. Den nyaste er laga av Ole Fladager frå Ulnes, Norges mest kjende bilethoggar på 1800-talet. Murmåleria på veggane i koret og over korbogen er frå 1790-åra. Her ser ein mellom anna Jesus med tre disiplar og Sakkeus i morbærtreet. Ulnes kyrkje er einaste kyrkja i Norge med ei framstilling av hendinga med Sakkeus. Preikestolen er frå om lag 1740. Uvanleg altartavleAltartavla frå 1850 har ei spesiell historie. Vi merkar oss rundgangen øvst, der dei tre heilage kongane med snortrekk kan dreiast rundt Maria og barnet. Dette er den einaste altartavla i Norge med ein slik rundgang, laga etter mønster av tyske klokkespel med vandrande figurar. To brør frå Ulnes ville dra til Amerika i 1840-åra. Den eine var treskjerar, den andre målar. Skipet gjekk under i ein storm i Nordsjøen, og dei ba til Gud om at dersom de overlevde, ville dei dra heim og gje kyrkja si ei fin gåve. Livbåten vart skylla i land i Holland, og dei drog til Tyskland der dei gjekk i lære hjå håndverkermeistrar i tre år medan dei studerte altartavler. Så drog dei heim og laga altartavla. Seinare drog dei til Amerika og kom vel fram. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark